NRK Meny
Normal

Tusenvis av potensielle sjukepleiarar står på venteliste

Noreg treng opp mot 75.000 sjukepleiarar dei neste åra. Samtidig står fleire tusen på venteliste til utdanningar som ikkje har plass.

Sykepleier på jobb

ETTERSPURD: Tal frå Samfunnsøkonomisk analyse viser at Noreg i 2030 kan mangle minst 75.000 sjukepleiarar. Eitt av problema er mangelen på praksisplassar.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Den lenge varsla eldrebølga kan medføre eit enormt behov for tilsette i helsesektoren dei neste åra. NRK kunne i mai fortelje at sjukepleiarmangelen har auka med 47 prosent det siste året.

Tal frå Samfunnsøkonomisk analyse viser at Noreg i 2030 kan mangle minst 75.000 sjukepleiarar.

Likevel vart det berre oppretta 100 ekstra plassar på sjukepleiarstudiane rundt om i landet i år.

– At talet på studieplassar aukar er ein fin tanke, men det er ikkje det som trengst i dag. No er det svært viktig at alle studieplassar har gode nok praksisplassar som dekker kompetansekrava til ein kommande sjukepleiar, seier leiar i NSF student, Trine Skaar.

– Situasjonen er kritisk

Årsaka er at dei ulike studiestadane ikkje klarar å finne nok praksisplassar til studentane.

– Talet på studieplassar hjå sjukepleiarutdanningane aukar, men det går ikkje raskt nok med tanke på behovet, seier Rebekka Borsch (V), statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Martin Wichstad, studentrådsleder ved VID vitenskapelige høgskole

UROA: Studentrådsleiar ved VID vitskapelege høgskole, Martin Wichstad, er uroa. Han meiner nedlegging av lokalsjukehus har gjort tilgangen på praksisplassar dårlegare.

Foto: Markus Vangen / NRK

50 prosent av sjukepleiarutdanninga består nemleg av praksis, og sjukehusa har ikkje nok plassar til å ta inn fleire studentar.

Men Borsch lovar at regjeringa vil ta tak i det som kan bli ein prekær situasjon.

– Dette er den viktigaste årsaka til at vi ikkje klarar å auke tala på studentar meir. Vi veit at situasjonen er kritisk, og vil sjå på aktuelle løysingar framover, seier ho.

Peikar på nedlegging av lokalsjukehus

Studentrådsleiar ved VID vitskapelege høgskole, Martin Wichstad, peikar på nedlegging av sjukehus i distrikta som ei av årsakene til situasjonen.

Sidan 2005 er til saman sju lokalsjukehus nedlagde.

Trine Skaar

FOR DÅRLEG: Leiar av NSF student, Trine Skaar, seier at delar av utdanninga er for dårleg.

Foto: NSF

– Det er ikkje bra for utdanninga at desentraliserte sjukehus vert nedlagde. Dei kunne ha stått for mange praksisplassar.

Likevel er han nøgd med at 100 fleire har fått tilbod om plass på sjukepleiarutdanninga i år.

– «Det grå skiftet» er like rundt hjørnet. Dei ekstra plassane viser at vi er på rett veg, men vi treng ei mangedobling i framtida.

Vurderer å endre praksismodellen

Ifølge Borsch vil regjeringa vere sikre på at det finst nok praksisplassar før dei løyver pengar til nye studieplassar.

Hilde Brit Christiansen, personaldirektør i Helse Vest

KAN ENDRE: Direktør i Helse Vest, Hilde Christiansen, opplyser at helseføretaket vil vurdere å endre praksismodellen for å få fleire sjukepleiarar gjennom utdanninga.

Foto: NRK

– Institusjonane bestemmer sjølve kor mange plassar dei vil ha og om dei eventuelt kan utvide. Vi vil prøve å få til ein raskare auke, men det er komplekst. Vi vil sjå på løysingar utover hausten, seier statssekretæren.

Direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest, Hilde Christiansen, seier dei no vil vurdera å legga opp praksisperiodane på ein annan måte.

– Eitt alternativ kan vere å dela praksisperiodane opp. Vi vil lyfte på alle steinar og sjå på alternative løysingar. Samstundes vil vi syte for at det er høg kvalitet på sjukepleiarane som vert utdanna.