Hopp til innhold

Tusen tomme felt i vaktplanen

Sykkel-VM må stengje delar av løypa for publikum viss ikkje fleire frivillige melder seg som vakter.

Her passerer de Bryggen under første etappe av Tour des Fjords.

Utan løypevakter vil det bli områder langs VM-løypa der publikum ikkje kan stå tett på deltakarane.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Då vil vi setje i gang ei større nedstenging av løypa med sperregjerde og sperretape. I tillegg til andre verkemiddel vi har, forklarar vaktsjef, Bjarte Hetlevik, i sykkel-VM.

Elleve dagar før VM opnar i Bergen står arrangøren framleis med ein vaktplan full av hol. For å fylle dei tusen vaktene som manglar, meiner Hetlevik det skal halde med 250 personar.

– Dei som har meldt seg til no tek i snitt fire vakter kvar. Så vi treng om lag 250 personar til viss det snittet held seg, forklarer han.

Håpar på skuleelevar

Trass i vaktmangelen er ikkje arrangøren uroa.

– Nei, eg er ikkje det. Det kan godt henda vi ikkje kjem hundre prosent opp i ønska bemanning, men då stengjer vi løypa på andre måtar, forklarer Hetlevik.

Vaktsjefen har stor tru på at dei skal klare å skaffe det talet på frivillige dei har lova politiet og kommunen.

– Ja, vi har kontroll. Det kjem inn mange frivillige dag for dag no, seier han. Ikkje minst er det elevar ved dei vidaregåande skulane som let seg lokka av opplevinga av å vera med på det største idrettsarrangementet i Bergen nokosinne.

Har lova politiet fulle lister

Politiet i Bergen vil ikkje kommentere dei tusen tomme rutene i vaktplanen for VM. Morten Ørn, som er leiar for fellesoperativ eining ved Vest Politidistrikt, seier dei stolar på at arrangøren klarer å skaffe det talet på hjelparar dei treng.

LES OGSÅ: Flere politifolk beordres til sykkel-VM grunnet PSTs trusselvurdering

– Så lenge vi har fått forsikringar om at desse vil vera på plass, så er det det vi held oss til. Men eg vil nytte høvet til å oppfordre folk o må melda seg som frivillig. Løypevakt blir ein viktig funksjon, seier Ørn.