Tusen demonstrerar mot akutt-kutt

Kring tusen personar, kanskje endå fleire, har i ettermiddag møtt fram for å demonstrera mot den moglege nedlegginga av akuttkirurgisk avdeling ved sjukehuset i Odda. Klokka seks startar eit folkemøte Helse Fonna har invitert til i samband med framtidige endringar ved sjukehuset. – Vi gir oss aldri, seier Terje Kollbotn (Raudt) til NRK. Han er blant fleire som held appell for demonstrantane før møtet.

Demonstrasjon Odda sjukehus
Foto: Tale Hauso / NRK