Hopp til innhold

Spansk turistbuss tok ein spansk ein – måtte køyre vidare utan all bagasjen

ÅSANE (NRK): Statens vegvesen meiner overvekta på 2,2 tonn var trafikkfarleg og kunne ført til ulukker.

Turistbuss med overlast

LASTAR AV: Turistbussen som vart stoppa i Åsane tysdag var for tung, og dei spanske passasjerane måtte setje av all bagasje hjå Vegvesenet sin kontrollstasjon.

Foto: Terje Bødtker / Statens Vegvesen

Tysdag vart ein turistbuss full av spanske turistar stoppa for kontroll i Åsane i Bergen. Det viste seg at den spanskregistrerte bussen vog alt for mykje.

Etter å ha køyrd bussen inn på vekta, viste det seg at den hadde 2,2 tonn overvekt.

– Bussen hadde meir last enn den er godkjent for. Dermed måtte bagasjen lastast av, før bussen kunne fortsetje turen, fortel inspektør i Statens vegvesen, Nils Rune Nævdal.

På trafikkstasjonen vart alt av bagasje sett att, før bussen køyrde vidare.

– Passasjerane opplevde det som ubehageleg å miste all bagasjen sin. No må reiseselskapet organisere vidare frakt av bagasjen, seier Nævdal.

Trafikkfarleg

Bussen hadde plukka opp turistar på Flesland, og skulle på rundreise i Noreg. I første omgang var turistane på veg til Voss.

– Det vert no jobba med vidare frakt av bagasjen. Enn så lenge vert den ståande her, seier Nævdal.

Overlast frå turistbuss

LANG, LANG REKKE: All bagasje frå turistbussen vart lasta av på trafikkstasjonen i Åsane. Då kom bussen ned i lovleg vekt.

Foto: Sissel Rikheim / NRk

Kva konsekvensar kan det få å køyre med overvekt som dette?

– I ytste konsekvens kan bremsesystemet eller styringa svikte, og stabiliteten til bussen vert ujamn. Det kan føre til ulukker.

Får ikkje stoppa alle

Nævdal fortel at det ikkje er første gong ein overfylt turistbuss vert stoppa.

– Det varierer litt kor ofte vi stoppar slike bussar med overlast, men det er ikkje uvanleg i turistsesongen at bussane vert fylt utan at ein tenkjer på vekt. Det er ikkje den første bussen vi har stoppa i ein slik situasjon.

I fjor var om lag seks slike bussar stoppa i Åsane.

Nils Rune Nævdal og Terje Bødtker

FARLEG: Terje Bødtker og Nils Rune Nævdal i Statens vegvesen seier det kan oppstå trafikkfarlege situasjonar når køyretøy er overlasta.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Omfanget er nok ein del større, men det er ikkje alle vi får stoppa. Det kjem ei rekke cruiseskip til Bergen, og det kjem ofte utanlandske turistar til Flesland som reiser vidare med turistbuss. Ikkje alle vert kontrollerte.

Firmaet som eig bussen har no fått eit vektgebyr. Denne bota vert høgare jo meir overlast bussen har.

– Dei fleste som vert bøtelagde for dette er utanlandske. Men vi kontrollerer også beltebruk, og i alle utanlandske turistbussar vi har kontrollert i dag har alle hatt på betalte. Der har nok fleire nordmenn noko å lære, seier Nævdal.

Turistbuss med overlast

STOD IGJEN: All bagasje i bussen måtte lastast av.

Foto: Terje Bødtker / Statens Vegvesen