NRK Meny
Normal

– Turistar går høgfjellsturen i skinnbukse og høge hælar

Turistar undervurderer farane og går gjerne ein dagstur i høgfjellet utan å førebu seg. Med årets enorme snømengder kan liv gå tapt meiner turistsjef.

turistar 4

BLIR OVERRASKA: Svært mange utanlandske turistar finn vegen til Trolltunga. Men ikkje alle er like førebudd på at det lenger oppe på fjellet ligg mykje snø.

Foto: Tale Hauso

– Turistane går i dei mest utrulege klede som ikkje høyrer heime på høgfjellet. Dei kan gå i alt frå skinnbukse til høge hælar, seier turistsjef Jan Helge Oppedal.

For mange turistar er ein fjelltur eit hovudmåla for reisa til Norge. Lange køar til turistattraksjonane har og ført med seg fleire dødsfall. I fjor døde ti turistar på fjelltur i Norge.

Måndag vart ei 25 år gamal asiatisk kvinne kritisk skadd på veg til Trolltunga. Ho datt ned i ein snøsprekk då ho skulle fylle vann. Same dag gjekk Eldbjørg Pollestad den ei mil lange turen i tjukk snø.

– Eg møtte folk med bare anklar og tights. Dei var våte på beina og spurte om eg hadde plastposar dei kunne putte i skoa. Eg gav dei ullklede eg hadde tatt med, seier Pollestad.

Det var sludd og kraftig vind på fjellet. Likevel passerte ho turistar i regnponcho.

– Folk gjekk med berepose og tursko i stoff. Nokon gjekk i tynn bomullsjakke og var utstyrt med ein veldig tynn og billig regnponcho som regnklede, seier Pollestad.

Turistar

Kjærasteparet Greyson og Emily frå Canada innsåg at dei ikkje var godt nok førebudd på turen. – Vi prøvde å få tak i fjellsko i går, men butikkane var stengde, seier dei to, som likevel tok fatt på turen oppover.

Foto: TALE HAUSO / NRK

– Vi ville gå uansett

Kjærasteparet Emily Friars og Grayson Swan frå Canada har sett bilete frå Trolltunga.

– Vi såg reiseinformasjon om Norge på internett og bestemte oss for denne turen. Det ser fantastisk ut på bildene. Vi håper at vi når heilt opp, ler Friars.

Dei har høyrt at det skal vere ein utfordrande tur og at det er snø, men har ikkje fått tak i turutstyr. På seg har dei vanlege joggesko, shorts og joggebukse.

Eldbjørg Pollestad

FORTVILA: Eldbjørg Pollestad på veg opp mot Trolltunga. Her møtte ho mange turistar som ikkje var klar over all snøen som låg på fjellet.

Foto: PRIVAT

– Vi hadde tenkt å kjøpe fjellsko, men butikkane var stengt tidleg om morgonen. Så vi skal berre prøve og sjå korleis det går, seier Friars.

Det blir ikkje kaldt med shorts i snø?

– Ikkje mens eg går trur eg. Eg har bukser med meg og, seier Grayson Swan.

Her kommer det flere enn det er plass til

Studentar undervurderte Trolltunga

Ei mil i høge hælar

– Når turistane kanskje har reist halve kloden for å sjå naturen, så tar dei ofte ikkje inn informasjonen vi gir. Dei skal gå uansett og høyrer ikkje på åtvaringane, seier turistsjefen i Odda kommune, Jan Helge Oppedal.

Kommunen forsøker å informere, både ved turistinformasjonen og med skilting på fjellturen. I år er det spesielt farleg, fordi det er uvanleg mykje snø i fjellet.

– Utruleg nok har vi sett at nokon faktisk klarar å koma seg inn og ut, men dei må ha frykteleg ekstra vondt i beina etter ein sånn seanse. Når forholda er sånn som dei er no, så kan dette setja dei i livsfare, seier Oppedal.

BILDEGALLERI: Turistar har førebudd seg svært ulikt på turen. Somme har turklede, andre går i vanlege joggesko og treningsklede. Her er eit knippe turistar på veg til Trolltunga.