Turistar i trøbbel på Trolltunga
Politiet har sendt eit sea king-helikopter til Trolltunga, der det er kome meldingar om ei kvinne som er så nedkjølt at ho har vore medvettslaus. Det utanlandske turfølget har no teke seg inn i ei nødbu, der dei prøvar å få varme i kvinna. Røde Kors er òg varsla og på veg. Tidlegare i dag måtte politiet hjelpe turistar ut frå Røldalsfjellet.