NRK Meny
Normal

Darrel tok ein drone-selfie

Trolltunga er eit populært fotomotiv for turistar. Darrell Aubert frå USA ønskte å dokumentera Trolltunga-turen sin betre enn dei fleste, og tok med seg dronekameraet opp på fjellet.

Amerikanaren Darrell Aubert var sist veke på besøk hos venner i Bergen, som føreslo at dei burde ta seg ein tur opp på Trolltunga i Odda.

Darrell Aubert og venner på Trolltunga

PÅ TOPPEN: Darrell Aubert (t.v.) saman med vennene han gjekk til Trolltunga med, filma av dronen til aubert.

Foto: Darrell Aubert / Aubert Films

– Eg tok ein kikk på bilete av Trolltunga på nettet og gjorde litt research på staden, og såg at det var verkeleg vakkert. Eg fann også ut at ingen andre hadde filma med drone der før, så eg bestemte meg for å ta med drone-kameraet mitt, seier Darrell Aubert til NRK.

Aubert kjem frå Philadelphia i USA der han eig og driv filmproduksjonsselskapet Aubert Films, og han deler ein del av videoane han lagar på Vimeo. Han har erfaring med å filma ved hjelp av dronar, men synest det var utfordrande å gjera dette på toppen av Trolltunga.

– Det var litt vanskeleg. Det var mykje vind og det var eit par tilfelle der eg frykta at eg kom til å mista dronen, at den kunne bli teken av vinden. Sidan det var så turbulent fekk eg filma litt mindre enn eg skulle ha ønska, seier Aubert.

– Må opp for å forstå kor vakkert det er

Trass vindutfordringa blei amerikanaren godt nøgd med opptaket.

– Det blei betre enn eg hadde trudd. Sidan det var så vanskeleg å filma trudde eg ikkje det kom til å bli særleg bra, men eg blei veldig fornøgd.

– Og korleis var utsikta på Trolltunga?

– Det var verkeleg vakkert, det var «true beauty». Ein må gå opp dit for å sjå og forstå kor vakkert det eigentleg er. Bilete og film greier ikkje å fanga opp alt, seier Aubert.

LES OGSÅ: Her kommer det flere enn det er plass til | Amerikansk nettsted: – Verdens mest spektakulære plass for å ta selfie

Det var Hardanger Folkeblad som først omtalte dronevideoen til Aubert. Administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Noreg AS seier til avisa at mange turistar er kreative når dei dokumenterer vestlandsk fjordlandskap og at dei har sett ei utvikling på dronebruk.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Til Trolltunga - turforslag UT.no» i nytt vindu

Mange blei fascinert av dronen

Trolltunga filma med drone

TROLLTUNGA: Med dronen fekk Darrell Aubert filma Trolltunga frå ulike vinklar.

Foto: Darrell Aubert / Aubert Films

Trolltunga er eit populært turmål der fleire hundre personar tek turen på sommardagar, og 2014 ligg an til å bli nytt rekordår. Det var difor ein god del andre turgåarar som fekk med seg dronefilminga hans.

– Det verka som om dronen fascinerte mange. Det var mange som ikkje hadde sett ein drone før og hadde ein del spørsmål om den. Folk såg ikkje ut til å bli redde, berre nysgjerrige, seier Darrell Aubert.

Sjølv om han driv i filmbransjen tenker han ikkje å bruka filmen frå Trolltunga kommersielt, filmen er eit privat minne frå turen hans til Noreg. Etter å ha besøkt Odda, Trolltunga og Bergen har Darrell Aubert reist vidare til Molde, og søndag reiser han heim igjen til USA.

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) har vedteke ei prøveordning, som inneber at det ikkje er nødvendig å søka om løyve for fotografering og filming frå lufta så lenge dronen er innan synsrekkevidde og flyr utanfor område med fotoforbod. Prøveordninga starta 2. april og varer ut året.

LES OGSÅ: Dette ufo-liknande utstyret kan ta unike bilder og film | Snart kan du bli utdannet til dronepilot | Var 50 meter fra dronekollisjon | Bruker drone til å sjekke skredfare

Siste video

Liv Holmefjord og Torbjørn Lorentzen følger 1000-meteren på skøyter i OL fra Fana IL sitt klubbhus på Nesttun i Bergen.
Programleiar: Mariann Reikerås
Programleiar: Mariann Reikerås