NRK Meny
Normal

Turgåarar henta ned frå fjellhylle i Kinsarvik

Dei to mennene skal vere uskadde, men våte og kalde.

Laster kart, vennligst vent...

KINSARVIK: Turgåarane sat slik til at det var vanskeleg for bergingsmannskapet å komme ned til dei.

Eit Sea-King helikopter blei sendt frå Stavanger, saman med ei alpin redningsgruppe frå Bergen, for å hente ned dei to turgåarane som hadde gått seg fast.

Dei to mennene sat fast i fjellet i Kinsarvik, og blei lokalisert om lag 400 meter under Lutranuten.

Like før klokka 10 melder politiet at dei to er henta ned frå fjellet, og er i fin form.

Fekk heist ned kle og mat

Det var turgåarane sjølve som melde frå om at dei trengde hjelp.

– Dei er uskadde, men våte og kalde, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

På grunn av vanskelege forhold i terrenget blei det ikkje vurdert som forsvarleg for bergingsmannskapet å gå inn. Dei måtte difor vente på helikopteret som kunne heise dei opp.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Lars Vaular, Nordvegen, Marius Neset, Terje Isungset og Eivør underholdt tusenvis på Torgallmenningen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen møtte NRKJ-leder Richard Aune.