Statens Vegvesen har fått fleire meldingar den siste tida om brannslokkingsutstyr som er stole frå tunnelane i Hordaland. Tjuveria fører til svekka tryggleik og unødvendige utrykningar.
Særlig Kolltveittunnelen og Sætretunnelen har blitt stengde fleire gongar grunna tjuveri av sløkkingsapperat.
Det seier brannvernleiar i Statens Vegvesen, Gunnar Gjæringen.
- Vi har jo eit system som gjer at tunnelen vert automatisk stengd om eit apperat blir løsna, og det fører til at vi må kalle ut brannvesen og politi for å sikre oss om det skulle vere ei alvorlig ulukke.
Gjæringen seier dette er beklageleg og at han er rysta over at folk stel apperata og forårsakar dyre utrykningar uten at det er grunn for det.
Til opplysning får du eit brannsløkkingsapperat i butikken for