Hopp til innhold

Tunnelbrannen skapar store problem for trafikken og reiselivsnæringa

Liv Liseth Vaksdal seier ho har mista 13 bussar med turistar etter brannen i Måbøtunnelen. Søndag må bilar stå tre timar i kø. Ordførar kritiserer Vegvesenet for å vera strenge.

Hyttevert og kø

TAPAR STORE PENGAR: Liv Liseth Vaksdal har drive Halne Fjellstove i 48 år. No gir trafikksituasjonen etter tunnelbrannen drastisk nedgang i talet på besøkande.

Foto: Ann-Sofi Sunde / NRK

– Dette er så borti natta, seier Liv Liseth Vaksdal.

Brann i Måbøtunnelen

BRANN: Eit vogntog sto i brann i Måbøtunnelen på rv. 7.

Foto: Gunvall Medhus

Ho har drive Halne Fjellstove i 48 år. No er det drastisk nedgang i talet på besøkande.

– Eg har mista 13 bussar med turistar, fortel Vaksdal.

Årsaka er brannen i Måbøtunnelen 19. mai og oppryddinga etterpå. Den har ført til delvis stenging og kolonnekøyring, med lang ventetid som resultat.

Søndag ettermiddag varslar Statens vegvesen at ventetida er éin time frå vest, og heile tre timar for dei som kjem frå aust. Omkøyringsvegane er få og særs lange.

Skundar seg heim

Kø rv 7

LANGE KØAR: Slik såg det ut på rv. 7 søndag ettermiddag.

Foto: Ann-Sofi Sunde

– Det tyder heilt ekstremt mykje. Førre helg var det avbestillingar. Denne helga har det vore folk i hyttene, men nede på huset var det folk berre fredagskvelden. Dei reiste tidleg, dei torde ikkje ein gong ete frukost fordi dei skulle rekkje noko og ikkje visste kor lang tid det tok å kome seg heim, seier Vaksdal.

Dagleg leiar Erik Garen ved Fossli Hotel ved Vøringsfossen stadfestar problema.

Dei tek imot mange bussar frå cruiseskip som legg til kai i Eidfjord. Men når skipa ikkje veit når dei får turistane ned att, vel dei bort turen til toppen.

– Vi mister mykje cruiseturistar. Held dette fram, blir det ein vanskeleg sesong, seier Garen.

– Vegvesenet for strenge

Ordførar Anved Johan Tveit (Sp) meiner Statens vegvesen er i overkant strenge.

– Dei tillet berre 20 bilar i kolonnen, og berre éin buss. Eg skjønar det har med tryggleik å gjere, sidan tunnelen ikkje har sambandsutstyr, men det skapar store problem for næringslivet i regionen, og eg synest dei er for strenge, seier han.

Anved Johan Tveit

Anved Johan Tveit, ordførar i Eidfjord

Foto: Tale Hauso / NRK

Avdelingsdirektør i Vegvesenet Olav Finne seier til NRK at det er prosjekteigar Lars Øyre som må uttala seg i saka. Øyre har søndag ikkje svart NRK.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) tok opp situasjonen i spørsmål til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) denne veka.

– Det er nødt til å bli betre, og eg trur det må gå an å få ei meir effektiv avvikling av køane. I det minste må informasjonen bli betre slik at trafikantane veit når kolonnen går, seier Toppe.