Hopp til innhold

Tunnel stengt på grunn av røykutvikling

Masfjordtunnelen på E39 i Masfjorden vart stengt på grunn av røyk i tunnelen. Varmgang i bremsene på eit vogntog var årsaka.

Kø E39

KØAR: Det har oppstått køar på E39 som følgje av stenginga.

Foto: 03030-tipsar

Også Matrebergtunnelen på E39 vart stengt, då det lenge var usikkerheit om kva tunnel det var røykutvikling i.

Det var eit utanlandsk vogntog som fekk trøbbel med varme bremser på veg ned tunnelen.

– Vogntoget skal stå inne i tunnelen, men det skal ikkje dreia seg om brann, sa operasjonsleiar Morten Kronen i politiet til NRK like etter klokka 16.30.

Det tok tid for brannvesen og politi og rykka ut.

Lange køar

Stenginga fører til lange køar på begge sider av tunnelen. Ein tipsar på sørsida av tunnelen fortel til NRK at folk i køen likevel tek det roleg.

- Vi køyrte først gjennom Matrebergtunnelen, men fann ingenting der. Inne i Masfjordtunnelen fann vi vogntoget, fortel vaktkommandør Rune Wigum hjå 110-sentralen.

Det skal stå bra til med føraren av vogntoget.

Opna igjen

Klokka 16.45 melder politiet at både Masfjordtunnelen og Matrebergtunnelen er opna for trafikk att.