NRK Meny
Normal

Tung dag for Øygarden

Mange unge samla seg tysdag kveld på kulturhuset og i kyrkja i Øygarden for å minnast venen og idolet Alexander Dale Oen.

Blomvåg kyrkje, Øygarden

Flagget er heist på halv stang utanfor Blomvåg kyrkje i Øygarden.

Foto: Anders Ekanger/NRK

Rundt 50 menneske tente lys og heldt rundt kvarandre på kulturhuset.

– Det var her Alexander tok sine første symjetak som 4-åring, så det kjendest naturleg å samlast her. Me er alle veldig stolte av han. Alexander var Øygarden sin ambassadør, fortel Mats Haugstad Blomvågnes.

Egil Hjortland, prostiprest i Vesthordland prosti

Egil Hjortland, prostiprest i Vesthordland prosti.

Foto: Anders Ekanger/NRK

Heidrar ein eldsjel

Øygarden Røde Kors tok kontakt med ordføraren i kommunen like etter meldinga om at Alexander Dale Oen var gått bort.

– Me hadde veldig lyst til å ha ope hus i dag. Alle er i sjokk og opplever eit tomrom. Det er utruleg, utruleg trist at han har gått bort, fortel Tina Rykkel Blom.

– Eg vil hugsa han som ein stor eldsjel både for idretten og for ungdommen. Han var eit førebilete for mange.

– Viktig å koma saman

Blomvåg kyrkje opna dørene klokka 17 tysdag ettermiddag.

– Kyrkja er open for alle som ynskjer det. Dette er tragisk først og fremst for hans næraste familie, men også for miljøet her og vener av han. Vårt råd i ein slik situasjon er å koma saman og ta vare på kvarandre, fortel Egil Hjortland, som er prostiprest i Vesthordland prosti.

Kulturhuset i Øygarden

Mange tente lys til minne om Alexander Dale Oen.

Foto: Siri Kleiven Strøm/NRK

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio