Hopp til innhold

Fleire får tuberkulose

Fleire unge bergensarar får tuberkulose.

Den smittsame sjukdomen tuberkulose var svært vanleg i Noreg tidlegare, men det siste halve året er heile seks unge bergensarar smitta.

Smittevernlege i Bergen, Øystein Søbstad, seier at desse tala er urovekkjande.

Tuberkulose
Foto: Arkivfoto: / Scanpix

Hoste og vekttap

Dei typiske symptoma på turkulose er mellom anna hoste, å kjenna seg slapp, trøytt og utsliten, vekttap og nattesveitte.

Berre det siste halve året er altså seks unge bergensarar smitta av tuberkulose.

Sjukdomen var vanleg i Noreg for berre nokre tiår sidan,  men vaksineprogram og godt helsestell stogga utviklinga.

Smittevernlege Søbstad er uroa over at unge nordmenn blir sjuke i dag.

Det skremmande er at tuberkulose er ein ressurskrevjande og potensielt farleg sjukdom, som kan gje store problem for dei som får han, samt dei som skal behandla sjukdommen.

Øystein Søbstad, smittevernlege i Bergen

Smittsam sjukdom

Tuberkulose er smittsam, og omlag 300 personar blir sjuke kvart år i Noreg.

Slik det ser ut no, er det berre i Bergen at talet har auka.

Dei som er smitta i Bergen den siste tida, har truleg påført seg sjukdommen på reise i utlandet.

Og ifølgje Søbstad er vaksine ingen garanti for å hindra smitte.

- Vaksina held ikkje evig, seier han.

Kan føra til dødsfall

Brita Askeland Winje, som er rådgjevar ved Folkehelseinstituttet, seier at auken av tuberkulose blant unge i Bergen er spesiell.

-  Det er som oftast eldre norskfødde pasientar og yngre utanlandsfødde pasientar som får tuberkulose, og tala i resten av landet er stabile, fortel ho.

- Dersom veldig mange blir sjuke, vil me også før eller sidan oppleva dødsfall. Folk kan også få varige skadar. No må folk vera varsame når dei er ute og reiser i område med tuberkulosesmitte, oppfordrar Søbstad.

Omlag 10% av dei som blir utsette for smitten blir sjuke.