Hopp til innhold

Trygt heime etter studietur i Japan

Elevar og lærarar på Fana Folkehøgskole kom heim til Bergen i går kveld.

Video Fana-elevar tilbake frå Japan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Det er vidunderleg å få ho heim igjen. Eg har vore veldig engsteleg, seier Berit Nygård, som i går kveld møtte dottera si igjen på Flesland i Bergen.

Dottera var med i ei gruppe frå Fana Folkehøgskole som var på studietur i Japan då jordskjelvet og tsunamien ramma landet fredag. Gruppa bestod av 19 elevar og to lærarar.

Les og: Folkehøgskuleelevar frå Bergen forlét det katastroferamma området | Bergensstudentar i Japan

Skummelt å ikkje kunna språket

Elisabeth Nygård Floa er glad for å vera heime i Norge igjen.

– Det er veldig deilig, seier folkehøgskuleeleven.

– Korleis var det å vera i Japan?

– Veldig ubehageleg. Veldig skummelt å vera i eit land der ein ikkje kan språket. Det kom så mykje informasjon, men vi skjønte ingenting av det, seier Nygård Floa.

– Var dåke redde?

– Ja, det var nokon som var veldig redde.

Berit Nygård og Elisabeth Nygård Floa

Det var stor gjensynsglede på Flesland då Berit Nygård fekk dottera heim igjen frå Japan.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

– Godt å vera heime igjen

Lærar Olaug Spissøy Kyvik er veldig letta over å vera heime igjen.

– Vi sat på tre forskjellige tog på fredag då vi fekk vita kva som hadde skjedd, så det første eg tenkte var at vi måtte få samla alle, seier Spissøy Kyvik.

Kollega Ruth Velsvik seier dei har hatt god støtte i kvarandre og frå skulen heime.

Ho var saman med ein sjuk elev då ho fekk vita om jordskjelvet.

– Då var det ei stund eg var frykteleg redd for kva som hadde skjedd med dei andre, fordi eg ikkje fekk tak i dei på telefon, seier Velsvik.

– No må vi hjelpa Japan

Lærarar og rektor på Fana Folkehøgskole

Lærarane Olaug Spissøy Kyvik (t.v.) og Ruth Velsvik på Flesland i går kveld saman med rektor Dagfinn Eggen

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Velsvik er imponert over støtta og omtanken og hjelpa dei har fått frå japanarar, trass i at dei sjølv var blitt ramma så hardt.

– No må vi gje noko tilbake og vera med å støtta Japan i den vanskelige situasjonen, seier Velsvik.

Rektor Dagfinn Eggen ved Fana Folkehøgskole seier han er letta over å ha fått elevane og lærarane trygt heim igjen, og føler det var veldig rett å få gruppa heim igjen til Norge.

Video Folkehøgskule-elevar i Japan

SJÅ VIDEO: Elevar og lærarar frå folkehøgskulen var i Japan då jordskjelvet og tsunamien ramma landet fredag.