Hopp til innhold

– Det var nervøs stemning om bord i flyet

Sofie Mæland Tykvenko sat om bord i SAS-flyet som tok imot ein bombetrussel i dag. – Vi har fått vite at trusselen kom frå internett, fortel 21-åringen.

Sofie Mæland Tykvenko

EVAKUERT: Sofie Mæland Tykvenko (21) er framleis på flyplassen i Göteborg, etter å ha blitt evakuert frå SAS-flyet.

Foto: Privat

– Vi fekk beskjed om at vi måtte lande på grunn av tryggleiksmessige årsaker. Då blei det litt nervøs stemning om bord på flyet, sjølv om vi ikkje visste at det var snakk om ein bombetrussel på det tidspunktet. Eg trur mannskapet ville unngå panikk om bord, fortel Tykvenko.

Saman med 66 andre passasjerar sat Sofie Mæland Tykvenko i SAS-flyet på veg frå London til Stockholm, då nokon kom med ein bombetrussel mot flyet.

– Ekstremt bratt landing

Trusselen var alvorleg nok til at ein valde å lande på Landvetter utanfor Göteborg, i staden for å reise vidare til Stockholm. Det landa trygt like før klokka 10.00.

Det er den brattaste landinga eg har vore med på. Folk blei redde når flyet begynte å gå raskt nedover. Eg var ganske letta når vi sto trygt på bakken, fortel 21-åringen frå Bergen.

SAS-fly landa på Landvetter etter bombetrussel.

MÅTTE LANDE: Flyet som skulle til Stockholm, landa langt ifrå sjølve flyplassen på Landvetter utanfor Göteborg.

Foto: Tom Onslow-Cole

Trusselen kom frå internett

Flyet landa langt frå sjølve flyplassen, og alle passasjerar blei evakuerte og frakta med buss til flyplassen.

– Det stor fleire brannbilar, politibilar og ambulansar utanfor. Det var veldig spesielt, fortel Tykvenko.

Då vi kom fram til flyplassen fekk vi informasjon frå kapteinen om kva som hadde skjedd. Han fortalde at trusselen hadde kome på internett, og var retta mot vårt flightnummer. Eg er litt usikker, men det blei også nemnt at trusselen blei oppdaga i USA, seier Tykvenko.

Ho fortel at dei har blitt tatt godt hand om av flyselskapet, og at dei no ventar på å få tak i bagasjen sin og booka om flyreisene sine.

– Eg skal vidare til Moskva, så eg håpar å kome meg vidare så raskt som mogeleg, seier Tykvenko som til dagleg er busett i London.