Hopp til innhold

Bombetrusselen avklart

Eit fly vart evakuert like før det skulle ta av frå Flesland til Kristiansand fredag kveld. Ei kvinne kom med trusselen via Widerøe si chatte-teneste.

Fly flesland

EVAKUERT: Rundt 30 passasjerar blei evakuerte. Dei kon seg ikkje til Kristiansand med fly i går.

Foto: Ole-Andre Lagmandokk

– Politiet spora bombetrusselen. Den kom frå ei kvinne som er til behandling ved ein psykiatrisk klinikk. Vi har beslaglagt telefonen hennar, seier operasjonsleiar hos politiet Hans Erik Thue.

Thue fortel at evakuering av passasjerane gjekk roleg og greitt.

– Slike situasjonar tek vi svært alvorleg. Dette kunne fått store konsekvensar om trusselen hadde vore reel.

Kl. 00.30 var situasjonen avklart. Men passasjerane kom seg ikkje til Kristiansand i går.

Det er andre gong i år at Widerøe får ein slik trussel. Det er ikkje same person som står bak dei to truslane.

Fekk meldinga kl. 22

Klokka 00.01 kan lufthamnsjef Aslak Sverdrup informera at politiet framleis har ein aksjon på flyplassen og at dei reisande ventar på terminalen.

Fredag kveld kom det inn ein trussel mot eit Widerøe-fly, rute WF599, som skulle gått til Kristiansand klokka 22.15. Passasjerane fekk plutseleg beskjed om å forlata flyet under boarding, skriv Bergens Tidende som først omtala hendinga.

– Eg kan bekrefta at vi har mottatt ein trussel på Flesland, og no vurderer vi om denne trusselen er reel eller ikkje, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Hordaland politidistrikt til NRK.

– Trusselen kom inn via Widerøe sine system, på deira chatteteneste, seier operasjonsleiar Vibekke Næss i Hordaland politidistrikt til Bergens Tidende.

– Snakk om ein bombetrussel

– Det har kome inn ein trussel mot eit fly som står på Flesland. Det står parkert vekke frå terminalen og det er no ingen passasjerar om bord, sa lufthamnsjefen på Flesland, Aslak Sverdrup tidlegare i kveld.

Lufthamnsjefen kjenner endå ikkje til kva som ligg i trusselen, men politiet fortel at det skal vera snakk om ein bombetrussel. Flyet er tømt og alle passasjerane er no inne i terminalbygget. Politiet er på staden.

– Politiet leiar den pågåande operasjonen som er der ute. Vi har sperra av eit areal rundt området flyet står, elles så påverke det ikkje flyplassen mykje då det nærma seg dei siste flyavgangane, seier Sverdrup.

Bombetrussel Flesland, Bergen. 
12.06.15

AVSPERRA: Politiet har sperra av eit område på Flesland etter ein trussel mot eit Widerøe-fly.