Hopp til innhold

Gummibit spolerte rekefesten

Gøymd i middagsmaten fann Bjarne Fosse det som truleg er ei gummikule. – Eit godt døme på at vår forsøpling finn vegen inn i næringskjeda.

Bjarne Fosse fant gummikule i reke

GUMMIREKE: Bjarne Fosse frå Sotra fekk servert denne reka i eit middagsbesøk. – Biten sat godt inne i reka og var 2–3 millimeter i diameter.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Middagsselskapet med havets delikatesser blei ei oppleving med bismak for Bjarne Fosse frå Sotra.

Mellom loff, majones og skrelte reker hamna det som ser ut som ei svart gummikule i matfatet.

Sat fleire millimeter inne i reka

– Eg sperra opp auga då eg såg kva det var. Biten sat godt inne i reka og var 2–3 millimeter i diameter. Han var elastisk og kjendest som gummi. Eg har vondt for å tru at dette er noko organisk.

Fosse hadde reinska fleire reker då han blei merksam på noko svart i den eine rekekroppen.

I tillegg til gummikula låg det eit par andre plastbitar bak skalet.

– Det var ikkje slik at bitane tilfeldigvis låg mellom skalet og muskelen. Den store kula stakk litt ut av kroppen, men sat godt inne i muskelen.

Rekefangst

MATFAT: Fleire millionar reker blir kjøpt i norske daglegvarebutikkar kvart år. Verten til Bjarne Fosse var truleg uheldig med sitt val i fryseboksen.

Foto: Øystein Ellingsen

Trur kula stammar frå fotballbana

Rekene til sjømatgildet blei kjøpt i lausvekt i ein daglegvarebutikk. No har Sotra-mannen teke vare på reka og det uappetittlege innhaldet. Han har kontakta Havforskingsinstituttet i fall ekspertar ynskjer å analysera funnet.

Sjølv trur han kula er eit gummigranulat, som det finst tonnevis av på norske fotballbanar.

Fosse har likevel aldri høyrt om gummikuler som har funne vegen til norske heimar gjennom innmaten til ei djupvassreke.

– Dette viser at problemet er større enn at foreldre finn «muselort» når borna har spela fotball.

Fosse meiner «gummireka» illustrerer kor skjør næringskjeda er.

– All plasten me legg frå oss forsvinn ikkje av seg sjølv. Før eller seinare finn den vegen inn i næringskjeda.

Gummi på kunstgressbane på Krohnsmindre i Bergen

GUMMIGRANULAT: Årleg forsvinn mellom 3 og 5 tonn gummi frå kvar einaste kunstgrasbane i Noreg, viser norsk forsking. Bjarne Fosse trur gummikula i reka kom frå ein slik bane.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Aldri høyrt om plast i reker

Belgiske forskarar har funne ut at belgiarar som et mykje sjømat får i seg mellom 2 og 11 tusen mikroplastbitar i året. Det finst ikkje forsking på kva skadeverknader dette eventuelt får.

NIVA-forskar David Pettersen Eidsvoll står bak ei fersk studie som for første gong slår fast at norsk torsk har plast i magen.

– Me fann den plasten me nyttar mest av i dagleglivet: PE, PP, PVC og polyester.

Men plast, nærare bestemt gummikuler i reker, har forskaren aldri høyrt om i Noreg.

– Det finst ingen vitskaplege prov på at det finst plast i reker, fortel Eidsvoll.

Grafikk - mikroplast

KRINSLAUPET: Ulike typar plast og mikroplast har ulik nedbrytingstid. Enkelte partiklar sirkulerer i krinslaupet i fleire hundre år.

Vil gå bildekkforureining i saumane

Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har no sett i gang eit nytt forskingsprosjekt for å avdekka kor mykje av mikroplastureininga i Noreg som kjem frå bildekk.

– Fordi estimata er så høge vil me forsøka å finna empiriske tal, fortel Eidsvoll.

Forskarane vil finna ut kor forureininga frå bildekk endar opp, og vil blant anna ta prøvar i nærleiken av fotballbanar og ved «oppsamlingsbasseng» frå vegbanar og -tunnelar.

Konsulentselskapet Mepex har anslått at slitasje av bildekk står for nær halvparten av dei totale utsleppa av mikroplast i Noreg.