NRK Meny
Normal

Meir pengar til jernbane - trur på raskare byggestart for Ringeriksbanen

Budsjettforliket mellom dei borgarlege parti gir 100 millionar kroner meir til jernbane. Venstre trur på byggestart for Ringeriksbanen alt i 2018.

Finse stasjon

KORTARE REISETID: Bergensbanen får korta ned reisetida med 50 minutt den dagen Ringeriksbanen er ein realitet. Her frå Finse.

Foto: Flickr

«No har Jernbaneverket dei pengane dei treng for å planlegge Ringeriksbanen.»

Terje Breivik, nestleiar i Venstre

– I tillegg til midlane som er sett av i Nasjonal Transportplan, så vil ein no ha alle føresetnader for å få gjort noko med etterslepet på vedlikehald, og ikkje minst setje i gang planlegginga av viktige prosjekt som til dømes Ringeriksbanen.

Det seier Venstre-nestleiar Terje Breivik som representerte Venstre i budsjettforhandlinga med regjeringa.

LES OGSÅ:

Plussa på 850 millionar

I budsjettforliket som vart presentert fredag føremiddag set dei borgarlege partia av 750 millionar kroner meir til drift og vedlikehald av jernbane enn kva dei raudgrøne gjorde i sitt budsjett.

Venstre-nestleder Terje Breivik

TOG-JUBEL: Venstre-nestleiar Terje Breivik meiner partiet er med på eit jernbaneløft i budsjettforliket.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– I tillegg set vi av 100 millionar meir til planlegging. Det er vi veldig godt nøgde med, seier Breivik til NRK.no.

Dermed, meine Breivik, bør det opne for fortgang for den lenge etterlengta Ringeriksbanen mellom Buskerud og Akershus.

Vil korte reisetida med 50 minutt

Den nye Ringeriksbanen er planlagt bygd mellom Hønefoss og Sandvika, og vil korte ned reiseavstanden på Bergensbanen med 60 kilometer. Togreisa mellom Bergen og Oslo, som i dag tek om lag sju timar via Drammen, vil dermed bli korta ned med 50 minutt.

Prislappen for prosjektet er rekna til 7 milliardar kroner, og i Nasjonal Transportplan som vart lagt fram av den raudgrøne regjeringa i vår, ligg prosjektet inne med byggjestart i siste periode, altså etter 2019.

Samstundes kjempar Ringeriksbanen side om side med fleire andre prosjekt i kampen om planleggingsmidlar. Ikkje minst det såkalla intercity-triangelet som skal binde byane i Oslofjord-regionen tettare samen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ringeriksbanen

60 KM NY TRASÉ: Slik er Romeriksbanen planlagd bygd mellom Hønefoss og Sandvika.

Foto: Illustrasjon / NRK

– Får pengane dei treng

– Vil det verkeleg bli pengar til Ringeriksbanen, eller vil desse bli slukt av intercity-triangelet?

– Nei, no er alle føresetnader for at dette også vert brukt til planlegginga av Ringeriksbanen. Dei opplysningane vi sit på no, tilseier at no har Jernbaneverket dei pengane dei treng for å planlegge Ringeriksbanen, fastslår Venstre-nestleiaren.

Med meir pengar til planlegging, føreset han også at sjølve bygginga av Ringeriksbanen kjem fortare i gang enn planlagt. Håpet er at spaden blir stukken i jorda i løpet av 2018.

I Nasjonal Transportplan som vart vedtek våren 2013 vart det gitt lovnader om til saman 5,2 milliardar kroner til Bergensbanen fram til 2023. Forutan Ringeriksbanen, skal strekningen Bergen - Voss rustast kraftig opp.

budsjettavtale stortinget

PRESENTERTE FORLIKET: Dei borgarlege partia kom fredag føremiddag fram til semje om Statsbudsjettet for 2014.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Siste video

Slik ser det ut når 574 gensere med sitater fra Ibsens Peer Gynt går i tog.
Kirken ble plukket ned i 1841, i 1844 sto den på plass i Polen.
Nyheter og reportasjer fra Hordaland og Sogn og Fjordane