Hopp til innhold

Trur på eittmålssiger

Sportssjef i Brann, Roald Bruun-Hanssen trur på ettmålssiger til Brann i kveldens kvartfinale.

Roald Bruun-Hanssen og Steinar Nilsen med Diego Guastavino
Foto: Anders Ekanger / NRK

- Det hadde jo vore fortreffelig, seier Bruun-Hanssen nokre timar før kampen.

Brann møter Odd Grenland på Skagerrak arena i kveld klokka 19.00.

Klokka 16.00 spiller også Aalesund-Stabæk kvartfinale.

Begge kampene kan du følgje direkte i NRKs nettradio.

Les også: Odd til semifinalen

- Odd har vore veldig sterke på heimebane, men vi har hatt ei god treningsveke og gledar oss til å spele kvartfinale i NM.

- Vi veit at det blir mykje trøkk på Skagerrak arena med tente publikummarar, og med eit Odd-lag med forventningar. Det passar oss perfekt.

Speler Guastavino?

Det store spørsmålet før kveldens kamp er om den nyinnkjøpte spelaren Diego Guastavino får sin debut i kveld.

- Om han ikkje startar, er moglegheitane for at han får kome innpå rimeleg store. Det er opp til Steinar Nilsen og trenerteamet å bestemme, men du skal nok ikkje sjå vekk frå at han spelar i kveldens kamp.

Dempar forventningane

- Det har vore ei veldig hektisk vere for Guastavino, med mykje kav og mas rundt han, seier Bruun-Hanssen.

- Vi prøvar å dempe forventningane rundt han i dag, og så får vi heller skru dei opp til neste helg.

Før kveldens kamp har Bruun-Hanssen ambisjon om å bli dei første som slår Odd på heimebane i år.

- Vi har veldig lyst å kome oss vidare i cupen. Då må vi slå Odd, så viss eg skal tippe, så ville eg tippa på ein eittmålssiger til Brann i kveld.