Trur lynet tok hytta: – Har aldri tora så mykje her

Etter varmerekordar over heile landet, har det snudd brått fleire stader. Brannvesenet trur lynet var årsaka til brann i ei hytte.

Hyttebrann

BRANN: Brannvesenet trur lynnedslag kan vera årsaka til brann i ei hytte.

Foto: Torkjell Kjosås

Meldinga om at det var full røykutvikling i ei hytte ved Leitet i det populære hytteområdet på Kvamskogen i Hordaland kom rundt 15.30. Etter å ha drive sløkkingsarbeid i nokre timar, melde brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen klokka 16.35.

– Hytta er ganske skadd. Det blei laga hol i taket for å ventilera ut røyk, og for å kunna sløkka flammane på loftet, seier fungerande vaktkommandør Morten Frantzen i 110-sentralen Hordaland.

Fredag 26. juli nådde Etne i Hordaland den varmaste rekorden i heile landet med 34,8 grader.

Berre fire dagar etter sende Meteorologisk institutt ut gult farevarsel for regn og tore for store deler av Vestlandet.

I Jølster har det tysdag ettermiddag vore fleire jordras på E39. Kraftig uvêr har ført til at fleire elvar har vakse seg store og vaska bort både veg og bruer. 60 personar skal vere evakuerte.

Yr skriv mellom anna på nettsidene sine at dei oppmodar folk om å tilpassa farten og køyra etter forholda.

Ingen personar skadd

Hytteeigaren bekrefta tidleg at det ikkje var folk i hytta ved Kvamskogen, og ingen personar skal vera skadde.

Utrykking i Kvam

Brannvesenet var framme ved hytta like før klokka 16.00 tysdag ettermiddag.

Foto: TORKJELL KJOSÅS

Frantzen seier at det er politiet som til slutt må undersøka årsaka til brannen, men at mykje tyder på at det var lynnedslag som var årsaka.

– Me kan ikkje seie det med visse, men innringaren sa at det var mykje lynnedslag i området, seier han.

– Ikkje noko koseleg

Torkjell Kjosås bur i området der lynet slo ned i hytta. Han fortel at det er lenge sidan det har lyna og tora så mykje.

– Eg har hatt brann i huset mitt sjølv grunna lynnedslag, så eg likar det ikkje, seier Kjosås.

Torkjell Kjosås

VIL HA SOMMAR: Torkjell Kjosås var oppe ved hytta kort tid etter at brannvesenet hadde fått kontroll på brannen. Han seier at sommarvêret godt kan komma tilbake igjen.

Foto: privat

Han er pensjonist og driv Kvamskogen vaktsentral, og fortel at han stadig vekk ser skadar i elektriske apparat som følgje av lynet. Han seier vidare at Kvamskogen er veldig utsett for torever, og at dei er vane til slikt vêr.

– Men det lynar og torar veldig her no, det er ikkje noko koseleg når det er så mykje.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon