Trur KrF-toppen kan ha øydelagt si politiske framtid: – Ei dødssynd

To månadar etter at fylkesvaraordføraren i Hordaland forlét KrF for Høgre, melder han seg inn att. – Forstår at eg framstår rotete, seier Pål Kårbø.

Pål Kårbø

UT OG INN ATT: Fylkesvaraordførar Pål Kårbø meiner det er bra viss utmeldinga hans akselererte prosessen med å få KrF til å avklara regjeringsspørsmålet.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Mange sperra opp auga då fylkesvaraordførar Pål Kårbø denne veka gjorde heilomvending og fortalde at han vil tilbake til Kristeleg Folkeparti.

I august melde han seg ut, og varsla overgang til Høgre. Han grunngav det med at KrF dreiv politisk «ørkenvandring» i staden for å gå inn i regjering saman med Høgre, Frp og Venstre.

– Det er vel noko av det næraste ein kjem ei dødssynd i eit parti, å melda overgang til eit anna, seier Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk.

Selbekk viser til at Kårbø sjølv innrømte at «manglande støtte» var avgjerande for at han forlét KrF i august. Redaktøren trur ikkje Kårbø får noko meir tillit no.

– Eg er ikkje så sikker på at Pål Kårbø har så stor framtid i KrF. Å gå til Høgre, og så koma tilbake, løyser ikkje tillitsproblema han openbert har.

Selbekk

TILLITSPROBLEM: Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk meiner Kårbø si utmelding er ei medverkande årsak til kaoset KrF har opplevd i haust.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

– Komisk

Politisk redaktør Frøy Gudbrandsen i Bergens Tidende seier heile saka framstår noko komisk.

– Det er utruleg spesielt. Når ein har vore medlem i eit parti så lenge, skulle ein tru det var gjennomtenkt når ein melder overgang til eit anna. Men det er sjølvsagt lov å gjere feil.

Pål Kårbø seier til NRK han har respekt for kritikken.

– Eg har hatt eit tungt og godt betalt verv som KrF sin fylkesvaraordførar. Eg må rett og slett ta ansvar for det eg gjorde.

Selbekk: – Har bidrege til kaoset

I mars melde KrF sin varaordførar i Bergen, Marita Moltu, seg ut av KrF og vedgjekk at ho ikkje hadde stemt KrF i stortingsvalet. Like før Kårbø si utmelding melde Moltu overgang til det «konkurrerande» partiet De kristne.

Seinare kom den opprivande striden i partiet etter at KrF sin familiepolitiske talsmann, presten Geir Jørgen Bekkevold, vigde partiets homofile kommunikasjonssjef.

– Uroa i Hordaland starta på ein måte trøbbelet for KrF denne hausten. Då dei mista sentrale posisjonar i partileiarens heimfylke, sette det tonen for månadar prega av kaos, meiner Selbekk.

Marita Moltu

STEMTE IKKJE KRF: Varaordførar Marita Moltu (KrF) i Bergen vedgjekk at ho stemte på De Kristne, og melde i august overgang dit.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Vraka» av Høgre

Kårbø stilte seg etter utmeldinga til disposisjon for Høgre, men vart berre nominert på 17.-plass til lokalvalet neste år.

– Har det påverka valet ditt no?

– Eg forstår kvifor du spør. Mi tilnærming var at eg var ikkje klar til å bytta parti. Eg kom til at kjenslene og engasjementet for KrF var sterkare enn at eg vil bryta heilt.

– Vil du ta kampen for å føra KrF i borgarleg retning?

– Ja. Det er veldig dramatisk viss resultatet av den prisverdig opne debatten i KrF no medfører at Erna Solberg må gå av. Den utviklinga ønsker eg ikkje.