Hopp til innhold

Trur ikkje nokon er tekne

Tre lavinehundar har no søkt gjennom store delar av skredet ved Brushytten. – Per no er det ikkje noko som tyder på at nokon er tekne. Vi har stoppa tilførselen av ressursar inn i området, og begynt å tenke på å avslutte. Hundane som er der skal no søke gjennom resten av området, seier operasjonsleiar Lars Geitle i politiet.