Hopp til innhold

Trur alle involverte er pågripne

Politiet meiner at dei har oversikt over alle dei involverte i knivslagsmålet i sentrum i natt. – Ein av dei tre pågripne er på sjukehus, og skadene hans samsvarar med mengden blod som er funne på åstaden, seier innsatsleiar Rune Vedeler i politiet i Bergen. Politiet vil likevel ikkje avkrefta at ein fjerde person kan vera sakna.