Hopp til innhold

Politiet trur 17-åring var åleine om dataangrep

17-åringen som er sikta for dataangrepet mot fleire store norske selskap og institusjonar, er lauslaten. Politiet trur ikkje han er ein del av noko organisert gruppe.

Frode Karlsen, politiet

– VAR ALEINE: – Me har ikkje funne haldepunkt for at han har gjort dette med andre, seier Frode Karlsen i politiet om 17-åringen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Politiet i Bergen gjekk til aksjon mot ein 17 år gamal gut torsdag føremiddag. Han er no sikta grovt skadeverk etter det omfattande dataangrepet på tysdag.

Guten har hevda at han er ein del av aktivistgruppa Anonymous Norway, og han stod bak angrepet saman med fleire bergensarar. Men politiet trur guten var åleine om angrepet.

– Me har ikkje funne haldepunkt for at han har gjort dette saman med andre. Me trur han åleine står bak, seier politioverbetjent i Hordaland politidistrikt, Frode Karlsen.

Lauslaten torsdag kveld

17-åringen sat i går i avhøyr hos politiet, men vart lauslaten torsdag kveld.

– Me sikra det me måtte av elektroniske bevis på nett. Etter det kunne han gå, seier Karlsen.

Guten er framleis sikta for grovt skadeverk. Politiet vurderer fortløpande om siktinga kan verte utvida til også å gjelde hacking.

– Med mindre me finn bevis på noko anna når me no går gjennom dei tekniske bevisa, blir siktinga ståande som grovt skadeverk, seier Karlsen.

17-åringen har samarbeidd godt med politiet, og forklart seg grundig om korleis han angreip nettstadene.

Vurderer å gå etter oppskriftssider på nett

– 17-åringen er i all hovudsak sjølvlærd, og han har lært seg det på internett, seier Karlsen.

Nettsider med oppskrifter på dataangrep og hacking er lett tilgjengelege, og politiet vurderer no om dei kan seiast å ha medverka til det omfattande dataangrepet.

– Det er jo slik at dei som medverkar eller bidreg til kriminalitet, òg kan kome i straffeansvar. Difor kan det tenkast at me må snakke med dei som står bak desse nettstadene som deler denne kunnskapen og gjer slike angrep moglege.