NRK Meny
Normal

Trump knuste alle rekordar i ordboka

Etter at Linda Eide tok opp nynorskordet «trump» i sitt språksjov, har fleire enn 20.000 søkt det opp.

Donald Trump på vei ombord Air Force One

PRESIDENT: Trump har gjort mykje sidan han vart innsett som president i USA, 20. januar.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

– Dette er eit svært høgt tal. Vi har ikkje sett noko liknande, seier Hallstein Mjelde, overingeniør og prosjektleiar for IT-delen av ordboka ved Universitetet i Bergen (UiB).

Ordet «trump» har nemleg blitt det mest søkte ordet i den digitale ordboka sidan UiB tok over drifta av ordboka.

Linda Eide oppdaga ordet i nynorskordboka og tok det opp i det nye NRK-programmet, «Eides språksjov».

– Er de klar over at Nynorskordboka såg kva som kom til å skje for over 100 år sidan? sa Eide, før ho leste opp definisjonen på ordet:

På nynorsk betyr trump anten «ein stor, tung og stiv skapning»,«ein egen og tverr kar»
eller ei geværkolbe. Ein kan òg gjere noko med trump, som betyr at ein gjer noko med truging, tvang, press, makt eller hard metode.

Og etter det har det altså tatt heilt av.

Eides språksjov tar for seg ordet trump.

SJÅ VIDEO: Linda Eide om trump i Eides språksjov.

Knuser andreplassen

– I løpet av den første veka etter Eides språksjov, har vi over 20.000 treff på ordet trump i ordboka, seier Mjelde.

UiB tok over drifta av Nynorskordboka i fjor. I løpet av dei tre siste månadene som UiB har hatt drifta for ordbøkene, var det mest populære ordet søkt på 14.000 gonger.

Medan «trump» har altså fått over 20.000 treff på mindre enn to veker.

I fjor var det verbet «å skrive» som trekte flest søk.

– Eg trur det er to grunnar til at så mange har søkt på «trump». Den eine er programmet til Linda Eide, men vi har òg ein president i USA som er i nyheitene dagleg, og i tillegg har ein del trekk ved seg som gjer at ein får lyst til å sjekke litt, seier Mjelde.

Donald Trump

ER HAN TRUMP? Donald Trump er på plass i Det hvite hus. Åra som kjem vil vise om styresettet hans passar til nynorsk-varianten av namnet.

Foto: Alex Brandon / AP

Samanheng med tramping

Gunnstein Akselberg, professor i nordisk språk ved UiB, fortel at ordet trump finst i mange norske dialektar.

– Ordet er norsk frå gamalt av, og har samanheng med å trampe, som å trampe i golvet. Når ein trampar i golvet, er det eit uttrykk for at ein er egen, sta eller sur, seier Akselberg.

Likevel er det ikkje der namnet på USAs president kjem frå. Namnet hans har nemleg tysk opphav.

– Vi kjenner ordet Trump som etternamn frå Tyskland, og heilt tilbake på 1600-talet. Då blei det skrive «Drumph». På tysk har det samanheng med ei tromme, kor det truleg er eit tilnamn til ein person som spelar trommer, truleg i militæret. Ordet er eit onomatopoetikon – eit lydhermande ord – som etterliknar lyden vi får frå ei tromme, seier Akselberg.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.