Truleg på veg til svensk fotball

Sivert Heltne Nilsen er truleg på veg til svensk fotball. NRK veit at den tidlegare Brann-spelaren i kveld er i sluttforhandlingar med IF Elfsborg som ligg på 10.-plass i Allsvenskan. Sonen til Brann-trenar Lars Arne Nilsen kom til den danske klubben i fjor sommar. Etter det NRK erfarer vil Elfsborg satse på Nilsen som midtbaneanker. I Danmark har han spela midtstoppar den siste tida. Overgangsvindauget stenger ved midnatt.