Tysdag ettermiddag samlar leiar Anita Heggholmen i plan- og utbyggingskomiteen dei andre i komiteen og set truleg ein stopp for all ny butikkutbygging i heile Straume-området.
Det blir omlag tusen fleire bilar inn og ut frå senterområdet om Lidl får bygge ny butikk. I dag er det over hundre butikkar inne i Sartor Senter og i sommmar opna eit nytt senterbygg på området med Rema 1000 som største aktør.
Sjølv om det berre er to år sidan politikarane godkjende Lidl-tomta til butikkområde - har trafikkveksten vore så stor at kapasiteten er sprengt og vel så det på tilførselsvegane i området.