NRK Meny
Normal

Trude Drevland er sjukmeld etter cruiseskip-bråk

Bergensordføraren har fått mykje kritikk for sitt forhold til reiarlaget Viking Cruises. No er ho sjukmeld på ubestemt tid.

Trude Drevland

SVARTE PÅ SPØRSMÅL: Trude Drevland (H) drog til Venezia for å sjøsette eit cruiseskip ho var gudmor for. Eitt år etter reisa kjem det fram at ho reiste med privatfly og budde på eit luksuriøst hotell, på reiarlaget si rekning.

Foto: NRK

«Særleg dei siste dagane har eg gitt uklare svar. Eg ynskjer å bidra til full openheit, men innser at eg ikkje har greidd det», skriv Trude Drevland på sin Facebook-profil fredag kveld.

Ho skulle vere gudmor for cruiseskipet «Viking Star», men ho hevdar rolla innebar meir enn ho var klar over. Torsdag fortalde NRK at ordføraren reiste med privatfly og budde på luksushotell i Venezia, på reiarlaget Viking Cruises si rekning.

Etter skipsdåpen under feiringa av 17. mai i Bergen, reiste ho og mannen på to dagar cruise med skipet ho er gudmor for. Alt saman betalt av reiarlaget.

«Eg må kome meg til hektene»

Drevland har måtte svare på spørsmål om korrupsjon og rolleblanding. Fredag skriv ho at saka har blitt for mykje.

«Eg er no sjukemeld. Påkjenningane gjer at eg må få litt ro og kome meg til hektene», skriv Drevland.

Sjukmeldinga kjem same dag som fleire av politikarane i Bergen har bedt ho redegjere for saka.

Politikarar i Arbeidarpartiet og Venstre ynskjer at ho legg fram saka sjølv, for å rydde opp i uoppklara spørsmål. SV har sendt skriftleg spørsmål til finansbyråden, fordi dei meiner det er rette personen til å svare på spørsmåla.

«Dette er ikkje ein retrett eller manøver for å vri meg unna. Eg skal svare på spørsmåla når eg er attende. Eg håpar det blir snart, og eg ber om forståing for det.», skriv Drevland vidare i innlegget.

LES OGSÅ: – Trude Drevland har ikkje drive med korrupsjon

Undersøkt av politiet

NRK kjenner til at politiet i Bergen har opna ei undersøkingssak mot Drevland. Dei har undersøkt skuldingane om korrupsjon, etter at media omtala cruiseturen ho tok etter skipsdåpen.

Politiet var ikkje kjend med at ho òg fekk påspandert ei reise til Venezia saman med son hennar. Etter det NRK kjenner til skal ikkje politiet gå vidare med saka mot ordføraren.

– Det skulle berre mangle at dei undersøker det, slik dei ville ha gjort med andre i same situasjon, seier Drevland.

Ho fortalde om reisa eitt år etter, og har heller ikkje ført den opp på lista over gåver til ordføraren.

«Akkurat nå er det litt mykje å handtere, også for meg. Det betyr likevel på ingen måte at eg ikkje er meg mitt ansvar bevisst.», skriv Drevland.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.