NRK Meny

Truande mann utløyste politiaksjon

Årsaka til den væpna aksjonen i Loddefjord skal vere ein truande mann. Det var ikkje spesfikke truslar han kom med, men dei retta seg mot offentlege myndigheiter, forsvaret og politiet. Det skriv politiet i ei pressemelding i ettermiddag. Mannen er lokalisert, og er arrestert utan dramatikk. Han blir no frakta til politihuset.