Hopp til innhold

Første tropenatt på sju år i Bergen

Det har vore varmt i Hordaland i natt. Bergen har hatt si første tropenatt på sju år, men no ser det ut til at det kjem regn.

Bryggen i Bergen

TROPENATT I BERGEN: På Florida i Bergen vart det målt over 20 grader heile natta. Her frå Bryggen i Bergen torsdag kveld.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Ein må attende til 7. august 2007 sist tropenatt i Bergen, då med minumumstemperatur på 20,1 grader, Stian L. Gundersen som er meteorologikonsulent på Meteorologisk institutt.

Både på Florida i Bergen og på flyplassen på Stord var det over 20 varmegrader heile natta, og hadde altså tropenatt.

– Minimumstemperaturen på Florida var 20,5 grader i natt, og den var 20,2 på Stord lufthamn, seier Stian L. Gundersen som er meteorologikonsulent på Meteorologisk institutt.

Fleire stader i Hordaland fylke kan ha hatt tropenatt.

Regnbyer i fylket

I går var det enkelte regnbyer i fylket, med utrygt for tore. Regnbyer har blitt spådd for fredag ettermiddag, men dei viser seg tidlegare enn antatt.

– Det er litt rotete himmel med delvis skya i store delar av fylket, og eg ser at det kanskje har vore ei bye inne i Odda allereie no, seier meteorolog Kjersti Opstad Strand.

– Det har vel hengt att etter i går, for det kom alt i går ettermiddag. Det er veldig ustabil og fuktig luft, og det har vore tore ein del plassar i indre strøk, seier Opstad Strand.

Regn, men varmt

Det kjem til å vere det same vêret framover, med enkelte regnbyer og utrygt for tore.

– Byene kjem som regel om ettermiddagen. Sundag ser det ut som det blir hakket meir nedbør, og gradvis fallande temperaturar. Men, det er berre snakk om ein til to grader per dag, så det er framleis varmt i helga, seier Opstad Strand.

Temperaturen kjem framleis til å ligge godt over 20 grader.

– I neste veke er det nedbør som pregar veka, men den verkelege temperaturendringa kjem ikkje før onsdag og torsdag, når det ser ut som det kjem eit lågtrykk frå vest som kjem inn med kjøligare luft, seier Opstad Strand.

– Det er varmt og fint, og litt skyer er sikkert berre bra for huda, legg ho til.