Hopp til innhold

– Det var tjukt med røyk og sjåføren verka stressa

Ein trolleybuss tok torsdag formiddag fyr i Bergen.

buss i brann

FLAMMAR: Motoren i bussen tok fyr og tjukt med røyk velta ut av bakdelen. Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen.

Foto: Filip Waal

Klokka 11.26 fekk politiet melding om at det kom flammar ut ifrå bakenden av ein Trolleybuss i Kalfarlien i Bergen. Kort tid etter var brannen sløkt.

Det var ingen passasjerar i bussen ifølge politiet. Brannen skal ha starta i motoren.

– Me veit ikkje kva som var årsaka til brannen. Bussen var ikkje kopla til straum når brannen oppstod, seier operasjonsleiar Morten Kronen.

– Sjåføren prøvde å sløkka brannen sjølv, utan hell.

Filip Waal kom køyrande med ein buss i motsett retning og møtte den brennande bussen.

– Passasjerane i vår buss vart slepte av, og då såg vi at flammane sto ut motoren bak bussen. Ein passasjer på vår buss fekk varsla sjåføren, som sat framme i bussen framleis, seier han til NRK.

Det ble full utrykning da en buss begynte å brenne i Kalfarlien i Bergen. Ingen passasjerer var om bord.

SE VIDEO: Bakdelen av bussen var nærmast totalt utbrent etter hendinga.

Vegen open for trafikk

Frid Osen køyrde forbi brannen på veg til skulen.

– Det var tjukt med røyk, og bussjåføren verka stressa. Etter kvart kom brannvesenet og politiet til staden med utrykking, seier Osen.

Bussen står like ved busstoppet ved gamle Hansa.

Kalvedalsvegen var stengt i ein periode, men trafikken vert no dirigert forbi.

.

Trolleybuss røyk

Slik så det ut for Frid Osen da ho kom gåande forbi bussbrannen.

Foto: Frid Osen