Det er ennå ikkje avgjort om saka skal gå for retten i Sogndal, Førde eller Bergen, men medieinteressa, behovet for plass til pårørande og talet på vitne peiker mot at ein rettssal i sistnemnde by er best eigna.
LES OGSÅ: – Inga impulsiv handling
Det same gjer den generelle merksemda rundt saka og det faktum at sikta og hans forsvarer er i Bergen.
Treng stor plass
– Truleg vil medieinteressa for saka føre til at den blir avvikla i Bergen av omsyn til behovet for plass, seier statsadvokat Magne Nyborg i Sogn og Fjordane statsadvokatembete til NTB måndag.
Han håper å få sendt av garde sitt tiltaleforslag til Riksadvokaten neste veke, men det er usikkert om den justerte tiltala vil vere klar før sommarferien.
Offentlege vitne
Vitna som blir ført, vil hovudsakleg vere frå politiet, nokre sakkunnige og representantar frå naudetatar.
Statsadvokat Magne Nyborg vil vere aktor i saka, medan mannen i byrjinga av 30-årene som er sikta for drapa, forsvarast av Fredrik Verling.