Hopp til innhold

Treng rekordmange frivillige til sykkel-VM

Arrangørane treng hjelp frå 2000 frivillige for å få sykkel-VM til å gå av stabelen i september. – Her kan ein sikre seg dei beste plassane i løypa, seier frivilligkoordinator.

Montasje sykkel-VM i Bergen og kart

TRENG HJELP: Opp mot 2000 frivillige må bidra, når sykkel-VM vert arrangert 16. - 24. september.

Det er venta rundt ein halv million tilskodarar og 1150 utøvarar når sykkel-VM vert arrangert i Bergen, Askøy, Fjell og Øygarden 16.–24. september.

For at arrangementet skal gå smertefritt, er det bruk for hjelp frå rekordmange frivillige.

– Vi treng totalt mellom 1500 og 2000 frivillige. Det er mange område der folk kan vere med å bidra, seier frivilligkoordinator Sivert Broll.

Tusenvis har allereie søkt

Meisterskapet inkluderer tolv øvingar, publikumsritt og eit omfattande kulturprogram. Utøvarar frå meir enn 80 nasjonar er representert.

– Allereie har rundt 1300 søkt om å bidra som frivillige. Ein må først søke, så skal vi godkjenne og fordele oppgåvene. Det er bruk for endå fleire, seier Broll.

Han fortel at det på enkelte område er ein fordel å ha tidlegare erfaring frå sykkelarrangement, medan ein andre stader kan bidra utan spesielle erfaringar.

Frivilligkoordinator til sykkel-VM 2017

VIL BIDRA: Frivilligkoordinator Sivert Broll håpar fleire vil gjere som Jane Tønder, og melde seg som frivillig til sykkel-VM i september.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Ein må ikkje kunne sykle for å bidra, og det er heller ikkje eit krav å ha sertifikat, smiler Broll.

Håpar å kome nær verdsstjerner

Jane Tønder er ei av dei som har meld seg som frivillig. Ho har allereie vore med å promotere arrangementet i fleire månader.

– Eg blei heilt vill då eg høyrde at sykkel-VM skulle til Bergen, og tenkte at dette måtte eg vere med på! Det er ein sjanse ein berre får ein gong i livet, seier Tønder.

Kor nære trur du at du kjem dei store verdsstjernene?

– Ikkje så nære, eigentleg. Eg veit ikkje heilt kva oppgåver eg får under sjølve arrangementet.

Frivilligkoordinatoren lovar at han skal gjere sitt beste for at Tønder skal få helse på nokon av syklistane.

– Vi har absolutt roller der dei frivillige kjem i kontakt med dei største stjernene og verdsmeistrane. Vi har til dømes behov for tolkar til intervjuprosessen etter målgang, og ikkje minst treng vi løypevakter som står på første rekke og er tett på ryttarane. Det er få som får betre utsikt enn ein har på desse plassane, seier Broll.

Mange oppgåver

I tillegg er det bruk for folk som mellom anna kan arbeide med akkreditering, antidoping, informasjon, publikumsvertskap, rigging, sikkerheit, parkering og vere sjåførar.

– Dei som vil vere med må registrere seg på heimesidene våre. Der kan ein registrere seg på dei ulike områda vi har opna for frivillige, seier Broll.

Sjølve VM varar i ni dagar, men som frivillig må ein ikkje vere med alle dagar.

– Kravet er at ein set av fem dagar, men dersom ein vil bidra alle ni dagane er det eit stort pluss, seier Broll.