Hopp til innhold

Trenar tiltalt for overgrep

Ein 28 år gamal, mannleg trenar i eit idrettslag i Bergen er tiltalt for å ha misbrukt tillitsforholdet til ei 15-årig jente for å skaffe seg seksuell omgang. Det skriv BT. Hovudpunktet i tiltalen dreier seg om seksuell omgang med barn under 16 år, som ifølge tiltalen vart gjort mot jenta i desember 2014 då ho hadde mannen som trenar.