Hopp til innhold

Treåring er alvorleg skadd etter påkøyrsel på E16

Ein tre år gammal gut er sendt til sjukehus etter å ha blitt påkøyrd på E16.

Løno

SISTE: Helse Bergen skriv i ei pressemelding at guten er alvorleg skadd.

– Vi veit ikkje korleis det går med han, men vi håpar på det beste, seier Lars Geitle, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Det var klokka 10.57 meldinga om ulukka ved Løno aust for Voss, kom inn til politiet. Naudetatane rykka ut og ambulansen hadde allereie tatt med seg guten til sjukehus før politiet kom fram.

– Det er ein cirka tre år gammal gut som er påkøyrd. Han blei raskt frakta til Voss sjukehus, seier Geitle.

Laster Twitter-innhold

Politiet si patrulje er på staden og etterforskar kva som kan ha skjedd. Dei gjer også avhøyr av bilføraren og fleire vitne til hendinga.

– Det blir opplyst at bilen kom køyrande i låg fart. Det var kø på europavegen på grunn av husdyr som kryssa vegen. Og så har guten sprunge ut i vegen og blitt påkøyrd, fortel operasjonsleiaren.

– Eit tragisk uhell

Til Avisa Hordaland seier politipatruljen på ulukkesstaden, at dei ser på ulukka som eit tragisk uhell.

– Guten sprang ut i vegen utan å sjå seg om. Han skulle over på andre sida, der faren var, fortel lensmannsbetjent Per Gunnar Thrane til avisa.

Treåringen skal først ikkje ha vore medviten. Men kvikna til før ambulansen frakta han vekk.

Frå Voss sjukehus får NRK opplyst at guten blei frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Løno