NRK Meny
Normal

Sendt til Haukeland etter arbeidsulukke

Ein person er skadd etter å ha fått eitt tre over seg i Matre i Nordhordland.

Laster kart, vennligst vent...

Naudetatane har rykka ut til arbeidsulukka, opplyser politiet like etter klokka 10.30.

– Vi kjenner ikkje til skadeomfanget. Vi har fått beskjed om at ein person har fått eit tre over seg i forbindelse med arbeid på staden. Det er dårleg dekning der, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NRK.

Også luftambulansen er sendt til Matre i Nordhordland. Arbeidsulukka skal ha skjedd ved fylkesveg 381, som går mellom Matre og Stordalen.

Til Haukeland

Personen har fått skader, men er ikkje fastklemd under treet. Vedkommande skal vera bevisst etter å ha blitt frigjort frå treet, opplyser politiet.

Klokka 11.00 landa luftambulansen på staden, etter hjelp frå lokal brannvesen.

Kring ein halvtime seinare fortel politiet at personen no er sendt med luftambulansen til Haukeland sjukehus. Skadeomfanget er ikkje kjent.

Saka blir oppdatert

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.