Overgrepet skal ha skjedd i ei leilegheit i Fyllingsdalen søndag kveld.
Politiet etterforskar saka som ei valdtekt.
– Den fornærma tok kontakt med politiet kort tid etter, og ville melda frå om ei valdtekt. Ut ifrå det arresterte me tre personar, seier politioverbetjent Svein Føllesdal ved politiet i Bergen vest til NRK.
Det var BT som omtala saka først.
Avhøyra held fram tysdag
Dei tre arresterte, som ifølge Føllesdal er mellom 17 og 20 år, sit no i fengsla forvaring. Dei vil bli avhøyrde i løpet av dagen.
– Me har kjennskap til to av dei arresterte frå før av, seier Føllesdal.
Det er så langt ikkje avgjort om nokon av dei skal varetektsfengslast.
Måndag ettermiddag opplyser Føllesdal i ei pressemelding at dei arresterte vert sitjande over natta. Dei tre tenåringane har forklart seg, men politiet ynskjer å gjera fleire avhøyr tysdag.
Dei mistenkte og den fornærma jenta skal ha hatt kjennskap til kvarandre frå før av, ifølge politiet.