NRK Meny
Normal

Møteulykke i Fjell kommune

Politiet fekk klokka 17.17 melding om at det har vore ei ulykke på bysiden av Spjeldtunellen i Fjell kommune. Kollisjonen skal ha vore mellom ein personbil og eit anna køyretøy med hengar.

Ulykke Fjell kommune

Ein personbil skal ha køyrt inn i eit køyrety med hengar ved Spjeldtunellen.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Tre midreårige barn skal vere involvert, opplyser Terje Magnussen som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

– Me såg når me kom fram at ein personbil hadde køyrt i eit anna køyrety som hadde ein tilhengar festa bakpå, seier Terje Erichsen som er politiførstebetjent i Hordaland politidistrikt til NRK.

I tillegg til politi vart brannvesenet og to ambulansar sendt til staden. Dei involverte skal ikkje vere alvorleg skadde.

– Involverte har nakkesmerter, men ikkje alvorlege personskadar, seier Erichsen.

Klokka fem på seks melder politiet at dei tre barna vert køyrt til legevakta for sjekk.

Vegen er etter klokka 18.00 rydda ved Spjeldtunellen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.