NRK Meny
Normal

Tre sikta etter at mann er funnen død i Bergen

Politiet etterforsker mistenkeleg dødsfall i Bergen sentrum.

Støletorget i Bergen

FUNNEN DØD: I ein leiligheit i dette området ved Stølegaten blei ein mann i 30-åra funne død torsdag ettermiddag.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Ein mann i 30-åra er funnen død på ei adresse i Bergen. Ein mann, også han i 30-åra, er arrestert og har status som sikta.

– Personen er sikta for å ha unnlate å hjelpa ein person i hjelpelaus tilstand, seier politiadvokat Kari Trones i Vest politidistrikt til NRK.

Det han er sikta for har ei øvre strafferamme på tre års fengsel. Det skal ikkje vera mistanke om drap.

Fredag ettermiddag er ytterlegare to personar sikte og arresterte, skriv BA.

– Gjort funn på staden

Politiet fekk melding om dødsfallet klokka 17.30 og gjer torsdag kveld undersøkingar i ei leilegheit i området ved Stølegaten i Bergen.

– Politiet har vore på staden ei stund. Me har også kalla inn krimteknisk for å gjennomføra åstadsundersøkingar, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Krimteknikere Stølegaten

KRIMTEKNISK: Åstadsgranskarar på veg inn i leilegheita torsdag kveld.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Politiet vil ikkje seia kvifor dødsfallet står fram som mistenkeleg. Operasjonsleiaren vil heller ikkje opplysa om forholdet mellom den avdøde og sikta.

– Det er gjort funn på staden som tilseier at me må gjera nokre vidare undersøkingar. I tillegg har me treft på personar i nærleiken som me ynskjer å snakka meir med.

Avhøyrer sikta i kveld

Den sikta er teken med til politihuset i Bergen. Ein annan person har status som vitne i saka.

Begge skal i avhøyr i kveld. Politiet er i ferd med å varsla den døde sine pårørande.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.