NRK Meny
Normal

Kvinne kritisk skada etter rekkehusbrann

Ei kvinne (24) fekk røykskadar og ligg kritisk skada på Haukeland sjukehus, etter at det byrja å brenna i eit murhus på Minde i Bergen.

Brann i Svaneviksveien i Bergen.

KRAFTIG RØYKUTVIKLING: Som videoen syner var brannen i Svaneviksveien var synleg over store delar av Minde i Bergen.

Hovudstasjonen ved Bergen brannstasjon rykka ut saman med mannskap frå Sandviken. Meldinga om brann i eit rekkehus i Svaneviksveien på Minde i Bergen kom inn til naudetatane klokka 12.45.

– Det er meldt om flammar og røyk. Vi er på staden og gjer innsats, fortel vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen i Hordaland til NRK.

– Eg høyrde masse sirener, og då eg kika ut så eg veldig mykje røyk, fortel Mats Willassen som jobbar på Høgskulen i Bergen. Han har filma videoen øvst i saka.

Klokka 17.30 melder Haukeland sjukehus i ei pressemelding at ei 24 år gamal kvinne er kritisk skada.

Tre personar redda ut

Klokka 13.15 melde brannvesenet at brannen var sløkt. Tre personar vart redda ut av rekkehuset.

– Det var aldri fare for at brannen skulle spreia seg til andre hus, seier Tetler.

Røykskadar

Brann sløkt i Svaneviksveien

SLØKT: Klokka 13.15 har brannvesenet sløkt brannen i Svaneviksveien.

Foto: Ole Andrè Lagmanndokk / NRK

Etter at brannen var sløkt, kunne politiet fortelje at ein person hadde fått røykskadar og var sendt til Haukeland sjukehus.

– Vedkommande budde i leilegheita som det har brunne i. To andre personar i ein anna leilegheit i bygget skal vera i god form men får tilsyn av lege. Elles er resten av leilegheitene klarert, seier operasjonsleiar Vibecke Næss i politiet.

– Det var kraftig røykutvikling då vi kom til staden, men det er altfor tidleg å seie noko om årsaka til brannen.

NRK får opplyst at brannen byrja i første etasje og leilegheita skal vera brannskadd. Om også andre etasje er ubebueleg står att å sjå.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.