Hopp til innhold

Sjå dronefoto: Her kjempar brannvesenet mot flammane i naustet

OS (NRK): To personar og ein baby blei evakuerte frå den kraftige brannen i Os.

Dronebilder av brannbåt ligger utenfor naust som brenner og driver slukking av båt som brenner til sjøs
Foto: Alrik Velsvik / NRK
Sjå dronefoto frå brannen i et naust på Søvikneset i Os i Hordaland. Alle foto: Alrik Velsvik, NRK

Ei større bygning med fire bustader blei råka av brann då det tok fyr i eit naust på Søvikneset i Os.

Leilegheitsbygget låg like ved naustet, der det var kraftige flammar då brannvesenet kom fram. Det var svært mykje røyk i områda, og alle dei nærliggande leilegheitene vart fylde med røyk. .

Tre personar, ein av dei ein baby, blei tidleg evakuert frå bygget.

Dei skal ikkje vere fysisk skadde, men blei likevel tekne hand om av helsetenesta.

Brann i båt og hus på Søvikneset i Os

Brann i båt og hus på Søvikneset i Os

Kaotisk først

Brannen blei meld klokka 10.26 tysdag føremiddag. Den første timen var kaotisk for brannmannskapa.

Ein halvtime seinare var pulsen litt lågare:

– Det er trongt å kome til på staden, men vi har bra med folk på plass, sa brannsjef Hovden.

Brann i naust ved Søvikneset i Os.

LYS LUE: Brannen starta i eit naust like før 10.30.

Foto: 03030-tipsar

– Det er snakk om eit stort bygningskompleks med fire bustader og eit tilknytt naust. Seks personar bur her. Vi har kontroll på alle, sa brannsjef i Os Eivind Hovden klokka 11.34, ein dryg time etter at brannen blei meld.

Det var opne flammar frå naustet, men sjølve bustadane var ikkje overtente.

– Det er stor røykutvikling, fortalde brannsjefen.

Brannbåt frå Bergen

brannbåt

RØYK: Brannvesenets brannbåt er på plass for å sløkke brannen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Vel ein time seinare, litt før klokka 12.30, hadde brannvesenet kontroll på brannen. Men då jobba dei framleis med å sløkke flammane i ein båt som låg inne i naustet.

– Då brannbåten kom til fekk vi først fjerna båten som låg inne i naustet. Då denne var ute vart det enklare å få kontroll på brannen i naustet, vaktoperatør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen

Eivind Hovden brannsjef i Os

BRANNSJEF: Eivind Hovden, brannsjef i Os.

Foto: CATO HELDAL KRISTENSEN / NRK

Klokka 12.55 er brannen meldt heilt sløkt.

– Det er store skadar på både naustet og båten som låg i naustet. Heldigvis har brannen ikkje spreidd seg til nokon av leilegheitene i bygget over naustet, det har stort sett berre vore kraftig røyk, seier Drotningsvik.

Brann i Os