Hopp til innhold

TRE OG STOLPAR I VEGBANEN:

I Etne kommune var det natt til tysdag fleire tre som hamna i vegbanen. Klokka 01.40 var det ein melding om tre i vegbanen på Kyrping i Åkrafjorden, E134, og sperra meir enn halve vegen. Klokka 03.40 hamna eit tre i vegen mellom Rame og Åsbøåsen på kommunalveg 31, og klokka 03.40 var det ei melding om eit tre i vegen på E134 på Solheimssletta, Øvre Vats. 04.40 vart det meldt om ein stolpe som låg delvis over vegbanen ved Rygg/Steine i Etne, og stolpen hang berre delvis etter leidningane. Ansvarleg straumselskap har blitt varsla. Alle vegar skal vere rydda.