Hopp til innhold

Fleire folkehøgskular startar eigne cosplay-liner

Det gamle formingsfaget er kome tilbake, om enn i ein litt annan form enn før. På berre to år har heile fire folkehøgskular valt å opne eigne cosplay-liner.

– Sylinene har gått litt trått både her og der, så det kan hende dette er framtida sitt formingsfag. Vi merka langt større interesse når vi starta denne lina, så det er ein marknad for det, seier Lid.

Cosplay har blitt meir og meir populært i Noreg dei siste åra, og fleire folkehøgskular har dei siste åra valt å starte opp liner.

Først ut av Namdal folkehøgskule i fjor, medan Hardanger, Holtekilen og Trondarnes starta opp i år. Det betyr at Noreg har fått heile fire cosplay-liner på berre to år.

Lærer seg å sy

I eit klasserom på Hardanger folkehøgskule sit 12 elevar konsentrert bak nål og tråd. Dei går på cosplay-lina som starta opp ved Hardanger folkehøgskule på Lofthus denne hausten.

– No held elevane på med å lage ulike kostyme av sine favorittkarakterar. Nokon klippar mønster, andre syr, nokre stylar hår eller lagar parykkar. Så det er litt forskjellig, seier lærar på lina, Mari Lid.

Her lærer elevane å lage sine eigne kostyme for å bli mest mogeleg like sine favorittkarakterar.

– Cosplay er ein kultur som er komen både frå Japan og USA, som går ut på å i føre seg antrekk og likne så mykje som råd på ein favorittkarakter frå filmar, teikneseriar spel, bøker, eigentleg heile fantasiverda, fortel Lid.

Som gamal formingslærar hadde ikkje rekna med at det var cosplay ho skulle livnære seg av.

– Eg er nok ingen cosplayar. Både med tanke på min alder, men også min konservative bakgrunn, ler Lid.

Cosplay ved Hardanger folkehøgskule

TROLLMANN FRÅ VERDSROMMET: Lærar Mari Lid hjelper Imbre Garnes å prøve på kostymet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Betre sjølvtillit

Etter kostyma er ferdige reiser ein på såkalla «cons». Det er arrangement der cosplay-interesserte møtast, kler seg opp og forsøker å likne mest mogeleg på sine karakterar.

Ein av dei nye elevane ved lina er Kristin Aspheim. Ho held på med ei kostyme av karakteren Nu Wa frå spelet Smite.

– Eg har heldt på med cosplay ei stund, og sidan det var litt vanskeleg å finne ein jobb etter vidaregåande passa dette perfekt medan eg finn ut kva eg skal gjere vidare, seier Aspheim.

Det å få vere kreativ og skape noko, meiner ho er noko av det beste med cosplay-miljøet.

– Det største eg har fått ut av å drive med cosplay er sjølvtillit. Ved å kome ut av min eigen kropp og inn i ein anna karakter, ser også betre kven eg sjølv er.

Imbre Garnes går også på lina. I løp av tenåra blei han meir og meir opptatt av spel, anime og cosplay. Han er i ferd med å eit kostyme som skal vere ein trollmann frå verdsrommet.

– Eg trur kompisane mine heime blir overraska når eg kjem heim og det viser seg at eg kan sy, ler Garnes.

Sjå Kristin Aspheim ta på seg cosplay-kostymet sitt

VIDEO: Sjå Kristin Aspheim ta på seg sitt cosplay-kostyme.