Tre millionar i overskot for Brann

Brann-konsernet gjekk med eit overskot på drygt 3,6 millionar kroner i fjor, viser årsrekneskapen. Overskotet er betre enn det som var budsjettert, og er om lag 19.000 kroner mindre enn året før. Pengar frå Trond Mohn er avgjerande for overskotet. – Sølvet i 2016 gav oss også glede i fjor, med tanke på rekneskapen, seier dagleg leiar Vibeke Johannesen.

Vibeke Johannesen, dagleg leiar Sportsklubben Brann
Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK