Hopp til innhold

– Brukar legevakta som eit «drop in»-legekontor

Tre av fire som oppsøker legevakta kjem med ikkje-akutt sjukdom.

Legevakten i Bergen

UNØDVENDIGE BESØK: – Mange som kjem til legevakta har ein tilstand som i medisinsk forstand kan vente, meiner Guttorm Raknes ved Nasjonalt senter for legevaktmedisin.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Det er Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin som har sett nærare på nordmenn si bruk av legevakta.

Resultatet syner at 75 prosent av alle tilstandane som får behandling på legevakta kan klassifiserast som ikkje akutte, og at mange av pasientane kunne ha venta til fastlegekontoret opna dagen etter.

– Terskelen er låg for å oppsøke legevakta. Vi nyttar den som eit slags drop-in legekontor, seier Guttorm Raknes som står bak forskingsrapporten.

I tillegg syner forskinga at dei som bur i nærleiken av ein legevakt, også er dei som nyttar den mest unødvendig.

LES OGSÅ: Mange dropper fastlegen ved akutt sykdom

– Kan vente til dagen etter

Legevakta er ei akuttmedisinsk teneste som i prinsippet berre skal ta i mot pasientar som ikkje kan vente til dagen etter.

– Mange som kjem til legevakta har ein tilstand som i medisinsk forstand kan vente, meiner Raknes.

Det kan vere plager som til dømes hoste, feber, sår hals, forkjøling og øyreverk som gjer at folk finn vegen til legevakta.

– Føler dei treng legetilsyn

Legevaktsjef i Bergen

KUNNE HA VENTA: Legevaktsjef Frank van Betten meiner folk brukar legevakta fornuftig men at nokre kunne ha venta til dagen etter.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Legevakten i Bergen sentrum behandlar 100.000 pasientar kvart år. Tala har vore stabile i 15 år, trass i at folketalet har auka i kommunen.

Legevaktsjef Frank van Betten meiner det syner at folk i Bergen nyttar den fornuftig, men han kjenner seg igjen i tala frå forskingsrapporten.

– Dei fleste er sjuke og føler dei treng legetilsyn. Men mange pasientar kunne nok ha venta til neste dag.

– Samstundes er det også litt vanskeleg å seie. For ein er nøydd til å bli sett til av lege for å slå fast at det var unødvendig å kome til legevakta. Vondt i halsen kan bety halsbetennelse, men det kan også bety noko meir alvorleg, seier van Betten.

LES OGSÅ: Brannfakkel om sykefravær skaper storm