NRK Meny
Normal

Tre av fem opprykk endar med nedrykk

Brann-fansen jublar over opprykk. Men historia syner at det kan bli ein neglebitande retur til eliteserien.

Brann-trenar Lars Arne Nilsen feirar opprykk saman med fansen

ÅRETS FEST: Ingen tvil om at det var god stemning på Brann Stadion i går. Og det med god grunn. Brann er klare for eliteserien igjen. Her er trenar Lars Arne Nilsen saman med glade supporterar.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen / NTB Scanpix

Det blei med éin sesong i 1. divisjon. Etter at Sogndal gjorde jobben mot Kristiansund onsdag, er det ingen som kan ta frå Brann det direkte opprykket til eliteserien.

Jubelscenene var store på Stadion i går. Både spelarar, støtteapparat, trenarar og ikkje minst supporterane var på plass for å feire det viktige opprykket.

Rykte rett ned igjen

Men studerer ein klubbens opprykkshistorie, er det ikkje sikkert ein får dei same gode kjenslene.

Tre av fem gonger Brann har rykt opp frå nest øvste nivå, har dei rykt rett ned att etterfølgjande sesong:

  • Opprykk 1967 – berga plassen i 1968
  • Opprykk 1980 – nedrykk i 1981
  • Opprykk 1982 – nedrykk i 1983
  • Opprykk 1984 – nedrykk i 1985
  • Opprykk 1986 – berga plassen i 1987
  • Opprykk 2015 – kva skjer i 2016?

– Må ikkje tenkje at alt er bra

Gjert Moldestad

HÅPAR BRANN HAR LÆRT: Gjert Moldestad i supporterbladet den 12. mann håpar Brann har lært av historia.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Gjert Moldestad i supporterbladet Den 12. mann er naturleg nok ein glad mann dagen etter opprykket er klart. Han meiner klubben må lære av «jojo-sesongane» på 80-talet.

– Statistikken understrekar kor viktig det er å ikkje tenkje at alt er bra igjen. For det er det ikkje.

Han trekk fram Sandefjord som døme på at det kan gå gale etter opprykk. Dei herja i 1. divisjon i fjor, men har store problem i eliteserien i år.

– Men eg har trua på det Brann har på gang, understrekar Moldestad.

Er i raud sone

Rune Soltvedt og Vibeke Johannessen

OPPRYKKSJUBEL: Sportssjef Rune Soltvedt og dagleg leiar Vibeke Johannessen feira opprykket i går. I dag fekk dei dårleg nytt frå NFF.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

I tillegg til statistikken kan også den økonomiske situasjonen leggje ein dempar på feststemninga.

I dag blei det nemleg kjend at Noregs Fotballforbund har plassert bergensklubben i «raud sone».

– Kvar dag er ein kamp for å få hjula til å gå rundt, seier dagleg leiar Vibeke Johannesen til BA.

Klubben må no lage ein konkret handlingsplan for å betre den anstrengde økonomien, for å unngå bøter og eventuelt poengtrekk.

Trur på forsterkingar

Supporterleiar i Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, trur nettopp den økonomiske situasjonen kan bidra til at Brann held seg i eliteserien.

Roger Lillebøe-Hansen

OPTIMISTISK: Roger Lillebøe-Hansen i Brann Bataljonen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Dei er blitt meir edruelege og opptekne av å byggje klubb og kultur, og difor trur eg ikkje dei går i den same fella som på 80-talet. Dessutan trur eg nivået i eliteserien er lågt nok til at Brann held seg. Med dagens stall trur eg dei vil hamna i det nedre midtsjiktet, seier supporterleiaren.

Moldestad etterlyser forsterkingar på midtbana og spissplass. Lillebøe-Hansen trur nye spelarar vil kome inn, trass i den økonomiske situasjonen.

– Ein har trass alt eit visst handlingsrom sjølv om ein er i raud sone, og dei har allereie gjort innsparingar ved å innføre lønstak, seier han.

LES OGSÅ: – Brann skal overraske i eliteserien

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.