Hopp til innhold

Ferjeopprøret: – Elektriske ferjer har fått eit ufortent dårleg rykte

Nye ferjer seglar på utdatert teknologi. Dagens teknologi kunne ha forhindra kutta i ferjetilbodet på Vestlandet, meiner bransjen.

Rygge inn på MF Kvinnherad

SNART UTSKIFTING: Ein bil ryggar inn på MF «Kvinnherad» på Matre i 2016. Same år tinga Skyss ny elektrisk ferje til sambandet frå 2020.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Launes

Marie Engelsen Launes i NCE Maritime CleanTech.

Foto: Privat

NRK fortalde tysdag om eit gryande ferjeopprør på Vestlandet.

Det skjer etter at kollektivselskapet Skyss planlegg å kutta fleire avgangar enn venta på viktige strekningar.

Årsaka er mellom anna at det tar lang tid å lada dei nye el-ferjene mellom avgangane.

Men tekniske løysingar finst, seier kommunikasjonssjef Marie Engelsen Launes i NCE Maritime CleanTech.

Selskapet samarbeider med mange andre selskap i maritim sektor for å utvikla meir miljøvenlege skip. Launes seier færre avgangar ikkje nødvendigvis har noko med ladetida til dei nye elektriske ferjene å gjera.

Ho meiner elferjer er i ferd med å få eit ufortent dårleg rykte.

– Teknologisk sett er det fullt mogleg å ha like mange avgangar. Avhengig av ferje kan ein ha større batteripakkar, eller meir kraft på ladeanlegget på land.

Betre teknologi sidan 2016

Ho peikar på jobben politikarane gjer med anbodet, som er sjølve bestillinga på kva ferjer som blir levert.

– Dei som vann anbodet, har dimensjonert batteripakken om bord i ferja og ladeanlegg på land. Det har dei gjort ut frå det Skyss har oppgitt i anbodspapira at dei ønskjer, seier Launes.

Mange pendlarar i distrikta har uttrykt misnøye med at dei nye elektriske ferjene fører til færre avgangar, som igjen gjer det vanskeleg å pendla til jobb.

MF Kvinnherad

KUTTA 07.15: Frå nyttår kan den populære 07.15-avgangen frå Skånevik til Utåker bli kutta. Det kan gjera kvardagen vanskeleg for mange pendlarar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Skyss stilte ikkje til intervju

Direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss hadde ikkje høve til å stilla til intervju. Ho svarar i ein e-post til NRK at anbodskontraktane blei lyst ut i 2016, og at mykje har skjedd med ladeteknologien sidan då.

I dag finst tekniske ladeløysingar som gir kortare liggjetid for ferjene, men Sønstabø skriv at det framleis er teknisk krevjande og at det vil koste meir.

«Auka liggjetid til 10 minutt har bakgrunn i kva som var teknisk mogleg på det tidspunktet då kontraktane vart utarbeidde. Det var ei tydeleg politisk føring frå fylkestinget om å leggje til rette for batteridrift. Leverandørane la dette til grunn for design av fartøy, batteribank og ladeinfrastruktur», skriv ho vidare.

– Diesel ikkje mogleg

På spørsmål om det vil vera aktuelt å oppgradera teknologien slik at ein kan få kortare ladetid, svarer fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) at ho forventar at alt blir vurdert for å laga eit best mogleg rutetilbod.

Høgres Silja Ekeland Bjørkly sa til NRK at ferjene bør kunne køyra på diesel i pendlarperiodane. Dette er ikkje mogleg, ifølgje Hestetun.

– Det er i alle fall det fagfolka har sagt til oss. Om Bjørkly har annan kunnskap som me andre ikkje har, må me få det verifisert, seier Hestetun.

På grunn av misnøya med ruteframlegget som blei lagt fram 10. juli, er no kommunane Etne og Kvinnherad inviterte til møte om ferjetider i fylkeskommunen neste veke.

Målfrid Vik Sønstabø

Direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss.

Foto: PRESSEBILDE / SKYSS