59 år gamle Mentz Dankert Løtvedt døydde etter fleire slag mot hovudet i 2003.
Broren til 33-åringen tilstod drapet, men tok sitt eige liv kort tid etter tilståinga.
Vurderer å anka dommen
Aktor Eirik Stolt-Nielsen seier han vurderer å anka dommen.
- Det er ei straffeutmåling me ikkje er heilt nøgde med. Dette er ei sak der me ikkje har heilt relevant rettspraksis å sjå på. Då er det kanskje naturleg å prøva saka i ein instans til, fortel han.
Fann barneporno på datamaskina
Bergen tingrett har óg dømd 33-åringen til å betala 160.000 kroner i erstatning til dei to borna til den drepne.
Han har óg fått datamaskina si inndratt etter at det blei funne barnepornografiske bilete på ho.