Hopp til innhold

Travel natt for politiet i Hordaland

15 ordensforstyrringar, slåstkamp og fleire promillekøyringar summerer opp natta for politiet i Hordaland.

hordaland

Politiet melder at det i løpet av kvelden og natta ha vore ei rekkje ordensforstyrringar i Bergen sentrum.

– Vi har hatt til saman 15 ordensforstyrringar mellom klokka 23.00 og 05.00. Desse skjedde i Bergen sentrum utanfor utestadane, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Ein mann vart sett i drukkenskapsarresten.

– Det var mykje folk ute i går kveld og natt, sikkert på grunn av Bergenfest og det fine været. Det var mykje slåsting og drukkenskap. Men politiet var godt synleg, og det trur eg dempa tilløpet til bråk, seier Magnussen.

Laster Twitter-innhold

Rykka ut til slagsmål

Klokka 02.20 rykka politiet ut til full slagsmål ved taxihaldeplassen i Os sentrum.

– Det var fire personar involvert i slåstkampen og ein person fekk hovudskadar og vart sendt i ambulanse til legevakta, seier Magnussen.

I tillegg har politiet stansa to bilførarar i Bergen sentrum og ein båtførar med promille.

Laster Twitter-innhold