NRK Meny
Normal

Travel natt for politiet

Politiet har hatt 110 loggførte oppdrag i Hordaland i natt, og mange vart sett i fyllearresten. Det har også vore vakthald ved brua over Vågen.

Bru over Vågen

VAKTHALD: I tillegg til heile 110 loggførte oppdrag for politiet natt til Sundag, var det også vakthald ved brua over Vågen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Det har vore veldig mykje fyll, slåsting og ordensforstyrringar. Frå midnatt til klokka 07.00 har det vore 110 loggførte oppdrag, og det er veldig mykje, seier Preben Wallestad som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

Det har også vore vakthald på brua som går over Vågen, og det har ikkje vore problem med brua etter det. Siste meldinga som er registrert der kom klokka 16.19 laurdag.

– Der står det at sperreband som ikkje kan misforståast er sett opp og det blir vakthald kontinuerleg fram til måndag, seier Wallestad.

Brann i container

Natt til sundag vart det meldt om to brannar i Bergen.

– Me har hatt to containerbrannar, ein klokka 03.00 i Parkveien og ein klokka 03.56 i Nedre Hamburgersmauet, seier Torkjell Helle som er vaktkommandør i 110-sentralen.

– Begge brannane vart sløkt innan ein halvtime, og brannvesenet brukte ein del tid på ettersløkking, seier han.

Sju personar i fyllearresten

Den første meldinga om ein person som til slutt vart sett i fyllearresten kom klokka 15.14 laurdag ettermiddag.

– Ein mann i 50-årar var veldig rusa ute på skysstasjonen ute i Nordhordland. Han blei meldt for ordensforstyrringar og blei sett i fyllearresten, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad.

Klokka 19.07 kom neste melding om ein person som også vart sett i fyllearresten.

– I Nordahl Bruns gate i Bergen blei det meldt krangling, og ein mann på 19 år var veldig rusa og var krakilsk. Han blei køyrt til Haukeland sjukehus for klarering om arrest, og vart etter det sett i fyllearresten, seier Wallestad.

Plaga andre på akutten

Frå klokka eitt, og fram til klokka tre blei det så meir travelt for politiet. Klokka 01.25 kom det ein melding om ein mann som nekta å følgje politiets pålegg.

– Ein mann på 19 år, i Håkonsgaten i Bergen, vart sett i fyllearresten. Han blei meldt for å ikkje følgje pålegg frå politiet, seier Preben Wallestad som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Klokka 01.45 vart det meldt at ei kvinne i 20-åra var hissig på Bergen legevakt.

– Ho blei brakt til rusakutten av politiet tidlegare på kvelden, og ho vandra rundt til plage for dei andre på legevakta. Ho var overstadig rusa og vart sett i arresten, seier Wallestad og legg til at kvinna ikkje blir meldt for hendinga.

Prøvde å ta seg inn i bil

Klokka 01.16 fekk politiet melding om at ein mann prøvde å ta seg inn i ein bil i Vaskerelven i Bergen sentrum.

– Ein mann på 18 år brukte ein gamal nøkkel til å prøve å ta seg inn i bilen. Han erkjente bruk av amfetamin og blei meldt for bruk av narkotika, seier Wallestad.

Mannen var overstadig rusa og ute av stand til å ta vare på seg sjølv, og han vart sett i arrest, opplyser politiet.

– Så, klokka 02.22 måtte politiet sette handjern på ein mann i midten av 20-åra. Han oppheldt seg på Bryggen Tonga bar og var svært utagerande og var overstadig rusa. Han blei meldt for å ikkje gi opp personalia, for ordensforstyrring, og for forulemping av politiet, seier Wallestad.

Mistenkt for bruk av GHB

Den siste personen som også hamna i fyllearresten kom det melding på klokka 02.49.

– Det var i Torggaten, og det gjaldt ein mann som dytta ei jente i bakken. Politiet arresterte vedkommande og han sette seg kraftig til motverje, han blei heilt vill, seier Wallestad.

– Mannen måtte påsettast handjern, og blei meldt for ordensforstyrring og forulemping av politiet. Mannen som er i 30-åra er også mistenkt for bruk av GHB, legg han til.

(Saka held fram under Twittermeldinga)

Laster Twitter-innhold

Urinerte på offentleg stad

Natt til sundag vart ein mann i 20-åra meldt for å ha køyrt bil utan gyldig førarkort på E39 ved Rommetveit i Stord kommune.

Ein annan mann (27) vart meldt for å ha urinert på offentleg stad ved ein bensinstasjon på Stord.

Klokka 22.52 fekk politiet melding om at eit forsamlingshus i Bømlo hadde problem med gjest.

– Ei kvinne var rusa og ikkje ville dra frå staden, og dama kledde av seg og tissa på veggen. Då patruljen kom til staden var kvinna gått heim, seier Oddvar Olsen som er operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt.

Stole samuraisverd

Klokka 23.21 fekk politiet melding om eit tjuveri på Leirvik.

– Patruljen fann ein mann som var i rådvelde av eit samuraisverd som viste seg å vera stole, seier Oddvar Olsen.

– Mannen som i 30-åra og er frå Stord vart sett i varetekt, og det blir oppretta sak, legg han til.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo